Eg har holdt på med nokre langtidsprosjekt ei stund. Den gråe kåpa og blåveispiken, samt min eigen designa flettegenser. Kåpa er feridg og i bruk, den er eg godt fornøgd med. Jammen herlig å avslutte eit så stort prosjekt. Blåveispiken har god framgang. Eg har starta på armane nå. Flettegenseren min har eg funne fram igjen. Har iallefall felt av litt for armane. Innimellom har eg strikka nokre håndkle, ei Stavangerlue (må vere klar til strikkefest i helga!), nokre vottar til Tordis - og starta på ein ny flettegenser til Veslejenta. Stadig noko på pinnane altså. Og eg fann ein pose Duo - litt gammal - blanding av ull og bomull. Tenkte det kunne bli eit teppe. Lurar bare på om eg har nok garn.
Nå gler eg meg til helga med Strikkefestival i Stavanger. Eldstejenta og svigermora hennar og eg blir eit godt strikketeam der. Me har meldt oss på to kurs + strikkefest med Tapas. Med kurs i grunnleggandes hakking og tvebandstrikking får eg nok nye erfaringar - og nye ting å vise fram på bloggen.
Ha ei god arbeidsveke alle saman.
Min versjon av Stavangerlua. |
Teppestrikk i Duo. |
Blåveispiken. Godt i gang med 1.arm |
10-ørings knappar. Tenkte dei kunne brukast på denne kofta. Gode barndomsminner. |
Flettegenser til Veslejenta. Dette mønsteret har eg teikna av ein ferdigkjøpt genser ein gong. |
Min flettegenser. Blir nok ferdig ein gong. |
Her var det litt av hvert på gang! Men har vi fått sett kåpa?
SvarSlettLykke til på strikkefestival! Det kommer nok til å bli kjekt.
Tenker du får kjørt deg med 1. klasse. Artig, men temmelig utmattende.
Fortsatt god strikkekveld fra Ingunn
Eg har visst glømt å ta bilde av kåpa😕 . Får bli neste blogginnlegg.
SlettSkal si du har mye på gang. Kjekt å se,
SvarSlettklem