Kjekt å strikke - det skjer noko undervegs,
det er lettvindt, kan strikkast både i mørket og med blikket vendt mot noko anna,
og det blir fine bruksting.
Mi "greia" har blitt håndkle.
Eg har jo vist fram nokre her på bloggen før, men nå er ennå fleire ferdige.
Kjekke å gje vekk - dei passar godt på eit gjestetoalett eller på kjøkken.
Og forhåpentleg kjekke å få!
Men oppi tynt-bomullsgarn-korga er det stadig meir garn.
Ikkje har det minka heller, snarare tvert i mot.
Så stripefesten må nok bare forsette.
Så stripefesten må nok bare forsette.
Hauststriper |
Dette blei feridg på biltur i haustferien, og fekk bli igjen i Ulsteinvik. |
Dei blir ganske like, desse håndklea, men stripenen er litt ulike. |
Pastell kan og vere fint. |
Desse skal nok få seg ein ny heim før jul. |
Lilla og blått. To fargar der er mykje av i dette huset. |
Skikkelig restefest! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar