Viser innlegg med etiketten Adventskalender. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Adventskalender. Vis alle innlegg

fredag 5. desember 2014

Adventsstemning

Me er allereie langt inn i desember - dagane går fort og er korte. Dei fleste arbeidsdagane er sola på veg ner når eg tuslar meg heim frå jobb. Adventsamlingar, juleverkstad, øving av julespel - det er nok å henge fingrane i på skulen og. Men så er det jo koseleg og. Og  når elevane  ikkje vil gå heim, men spør om me ikkje kan vere ei stund til, så tyder det på at dagane er gode.  Og etter ein kaffikopp og litt middagen, ein liten kvil, og litt strikk - er det på tide å gjere noko her heime og.

I år har eg og Gubben fått oss adventkalender! Veslejenta har ordna det. Som regel er det eg som ordner og styrer. Denne gong vart eg servert! Herlig. Me er like spente begge to kvar morgon. Kva er inni i dag? Og det som er inni er veldig flott! Fine bilder frå oppveksten, litt av oss, og litt av veslejenta sjøl. Og med ein fin tekst som varmar på! Den kan varme lenge. Trur me må ha den hengandes her på kjøkkenet inn i det nye året og.
Flotte bilder med gode ord.

Melkebrød - godt med brunost på.
 Og så har me tent adventsstaken. I år er den sjølvlagt. Eg var med Bedehusdamene til eit plantesalg, der fekk me lage oss nydeleg adventspynt! Herlig å få kopiere noko fint som andre har laga. Og litt stas å ha gjort det sjølv.
Snart kan me tenna det 2.lyset.

Den gamle adventsstjerna.
20 år si me pusla i saman den.

Adventsstemning i heimen.

Lilla julestjerne - ein ny variant.
Eg er ikkje så glad i dei vanlege raude,
så denne passa fint.

Litt baking, julebrev, julegåver er og snart unnagjort. Og så kan me bare kose oss resten av adventstida. Eg prøver å ikkje styre for mykje. Vaskinga kan me ta til våren, det er så mørkt nå. Og bakinga må vere det me har aller mest lyst på, ikkje alle sortar som liksom "høyrer med".  Men nokre favorittar har me. I morgon kjem Eldstejenta på lefsebaking og julegeit-baking. Det vert nok koseleg.





lørdag 30. november 2013

Adventstid

Det er advent igjen. Jammen har eit år gått fort. I år er det bare oss to gamle heime. Ungdommane styrer for seg sjølv. I alle år har eg hengt opp adventskalenderen som eg broderte då Eldstejenta var 4 mnd. Det  første året fekk ho lukte på pepparkakene og sjokoladen som eg og Gubben koste oss med. Etterkvart har den vore i bruk i mange år. I år er den ikkje pakka fram. Dei to eldste jentene våre har eigne, Guro har til og med brodert ein nydeleg sjølv. Og minstejenta har fått ein hybel-kalender, med mange nyttige ting til førjulstida. Men ein liten adventskosepakke med garn oppi frå mor har dei fått! Og Gubben har fått ein med sjokolade! Så då er me klare for adventstida likevel. Nye tider - nye tradisjonar. Fint det og!
Første gong med adventskalender!
Stilig far med vernebriller på!

Stitchery. Dette har eg kost meg med i haust.

Klar for avlevering. Håpar det gjer glede på hybelen!
Gubben er glad i sjokolade!

Adventspakkar frå mor og Københavnturen!
Flott garn frå Geilsk.
+ litt til.

lørdag 24. desember 2011

24.desember - og luke nr.24

Jul i stua!
Nå er det jul. Treet er pynta, pinnekjøttet ligg i vatn, pepparkakehuset er på plass, og roen kan senke seg. Det blei ikkje alle planane som vart sette ut i livet, men jula blir nok god likevel.
 
Me vil ynskje alle lesara ein god
og velsigna julehelg, 
og alt godt for det nye året.
Veslejenta og faren har kost seg med pepparkakehuset.

Treet vart fint i år og. Ekstra fint på den nye duken.

Pepparkakehuset anno  2011

Krybba er på plass - gammal og god.

Og jammen sprang amaryllisen ut til jul! Kjekt.

Den røde kom og.

fredag 23. desember 2011

23.desember - og luke nr. 23

Pepperkakebaking.
Ein av jule-tradisjonane her i huset dreier seg om pepperkakehus-baking. Og den tradisjonen har ikkje eg innført i heimen. Eg har faktisk ikkje løfta ein einaste finger for at det skulle bli noko hus heller. Eg har heller halde meg vekke. Men hus har det blitt, gubben har vore storbakar saman med jentene. Dei siste par åra er det Veslejenta som er bakaren, faren er bare handlangar. Eit lite resymè viser at husa har variert enormt - i størrelse, utforming og pynt. Nokre av dei er store og flotte, mens nokre år har det ikkje blitt hus i det heile tatt. Men i år har dei fått det til. Det er ikkje heilt ferdi montert, men det er like før.

I 1989 - eldstejenta måtte stå på gyngehesten for å rekke opp! Kjøpt hus - men heimepynta. Dette var nok det første huset.


Nå har det blitt eit Jærhus.

Mellom-Guro er konsentrert om oppgåva.

Eldstejenta og faren. Litt eldre nå begge to.


Dette året vart det ganske symmetrisk og fint!

 Veslejenta og faren i aksjon.
 
Denne gongen fekk me utedo og rundt tårn. Mykje som går an med ein kakedeig.

Nå er det ganske avansert. To runde tårn og slede med reinsdyr.

Mykje pynt og nissar og "dill og dall".

Dette var nok det største prosjektet. Denne borga fekk 4 runde tårn - og røde glass i vindua.
Her ligg mykje arbeid bak.

Ein litt mindre utgåve. Fint det og.

Eigen design. Veslejenta har laga huset sjølv - med bil til!

Flott snøtak.

Huset i skogen. Minner om "Mormor og dei åtte ungene".

torsdag 22. desember 2011

22.desember - og luke nr.22


32 år som kjærastar
Ein liten opptelling nå på slutten av året viser at eg og gubben har vore kjærastar i 32 år. Det er nesten vanskeleg å telje så lang! Utruleg. Og ennå har me ikkje passert 50..... Kanskje me var litt tidleg ute? Ja,ja - det har gått godt - me har hatt mykje kjekt i lag i desse åra. Nå gjeld det bare å kose seg vidare og - nå når ungane vert vaksne og ikkje treng oss på same måten som før, har me ein større frihet til å gjere det me vil . Aktivitetar som hytteturar, fjellturar, cafèbesøk, sykkelturar, å reise ut i verden på tur.......  Bare fantasien setter grenser ( og av og til lommeboka!) 
Me møttes og vart kjente i 1979, på speidarleir på Horve 2. Ein flott leir. Men det gjekk eit halvt år før me vart kjærastar - den 22.desember 1979. Etter 3 år vart det forloving, 2 år til - bryllup - og etterkvart 3 flotte jenter.

Var han ikkje kjekk denne gutten? Glad i padling og friluftsliv.



På tur til Bergen - i 1981. Litt forandra er me vel - lysare i luggen og innebura av store briller!
Dei er og snart moderne igjen.


Den eine er mørkare - og den andre lysare! Brillene er her ennå - men mindre omfangsrike.

onsdag 21. desember 2011

21.desember - og luke 21

Juletreet
Nå er juletreduken ferdig! Kanten rundt blei sydd på er ein kveld. Eg er ganske stolt av meg sjøl for at eg har greid å fullføra dette prosjektet i løpet av året. Eg er nemleg ikkje så superglad i brodering lenger - eg har 5 - 6 påbegynte broderi på lager! Men nå kan me snart hente inn juletreet som står i garasjen og godgjer seg. Her i huset er det nemleg  lille julaften som er fast pynte-tre-dag. Me tullar ikkje med det. Og treet skal sjølvsagt vere utan glitter, slik det brukar å vere, og med dei gode gamle hekla hjertene i rødt og kvit. Dei er vel snart moderne igjen, desse eg hekla då me var nygifte! Og kvart år blir treet vårt det finaste! Utruleg så godt fornøgde me er i desse juletider.

Fin og rund!

Tenk 4 gonger sydde eg dette motivet!

tirsdag 20. desember 2011

20.desember - og luke 20

Mannen som skulle stelle heime - del 3.
I år og slo gubben til med Nordlandslefser. Me har innimellom lurt litt på korleis han gjorde det ( om han fekk hjelp....) I fjor dokumenterte veslejenta heile seansen I år var eg heime og smugtitta innom kjøkkenet for litt fotografering. (Mens eg eigentleg strøyk "eit lass" med skjorter! ) Han var flink! Nydelege lefser som smelta i munnen:-) Nå kan jula bare komma.

Deiglaging pågår!

Tunga rett i munnen nå!

Steikesjef!

Nam-nam!

mandag 19. desember 2011

19.desember - og luke 19

Julegjestene kjem!
I dag ventar me heim julegjestene. Kjekt med litt liv og røre og ungdommar i heimen. Me håpar på ein fin juleferie for oss alle.

Frå julefeiringa i fjor.

søndag 18. desember 2011

18.desember - og luke 18

4.sundag i advent.
I dag kjem juleturistane heim igjen - etter ein juletur til Frankfurt. Dei har nok hatt ein fin tur nå i førjulstida. Me gler oss til å høyre og sjå bilder. Ellers er det skitnesundag i dag - ein dag frå gammalt av der ein kunne rydde og vaske til jul og gjer unna det siste, sjølv om det var helligdag. 

Frå varmare dagar på hytta.

lørdag 17. desember 2011

17.desember - og luke 17.

Det er laurdag - den siste før jul. Me har ennå nokre  førjulsting igjen som skal ordnast, men snart kan me ta juleferie og nyte 12 fridagar, iallefall dei (eller den)som er ansatt i skulevesenet! Juleferien er alltid spesiell. Gode lange dagar, med tid for gode måltid, bøker og handarbeid, litt turar hvis veret tillet det, og besøk av/til gode venner og familie. Ei fin tid.
Kanskje me får tid til å lage desse i dag?

fredag 16. desember 2011

16.desember - og luke nr.16

"Ann Irens sjokoladefabrikk."
I går kveld var eg på kurs i "Ann Irens sjokoladefabrikk". Kokekjøkken på skulen var omgjort til  delikat konfektproduksjon, og mine kollegaer var "fabrikkmedarbeidara". Kjempekoseleg å gjere noko anna enn det me gjer til vanleg! Me prøvesmakte - og tok mange posar med julegod med heim! Kom og smak!

Mykje godt + oppskrifter

Spennandes kuler

Desse har eg laga - nougatkapslar.

Baileykuler - kom og smak!


torsdag 15. desember 2011

15.desember - og luke nr.15

Kakeboksane skal fyllast i adventstida, og nå trur eg at eg har laga nok. 6 boksar tilsaman - men to av dei er nesten tomme. Krumkakene som gubben er sjef over, har han nesten ete opp! Og minstejenta som bakte flotte kakemenn - har visst kost seg med dei. Den boksen ser me og botnen på. Men det er vel nå dei er best:-) Eg satsar på at dei bakar kvar sin nye porsjon. Eg har bakt to nye sortar dette året - bordstabels og sirupssnippar. Kjekt å fornye 
utvalget litt. 

Kjekt å lage fint  mønster. Kan jo bli eit strikkemønster!

Jammen klarte eg å stable dei på bordet! Flaks:-)