fredag 5. desember 2014

Adventsstemning

Me er allereie langt inn i desember - dagane går fort og er korte. Dei fleste arbeidsdagane er sola på veg ner når eg tuslar meg heim frå jobb. Adventsamlingar, juleverkstad, øving av julespel - det er nok å henge fingrane i på skulen og. Men så er det jo koseleg og. Og  når elevane  ikkje vil gå heim, men spør om me ikkje kan vere ei stund til, så tyder det på at dagane er gode.  Og etter ein kaffikopp og litt middagen, ein liten kvil, og litt strikk - er det på tide å gjere noko her heime og.

I år har eg og Gubben fått oss adventkalender! Veslejenta har ordna det. Som regel er det eg som ordner og styrer. Denne gong vart eg servert! Herlig. Me er like spente begge to kvar morgon. Kva er inni i dag? Og det som er inni er veldig flott! Fine bilder frå oppveksten, litt av oss, og litt av veslejenta sjøl. Og med ein fin tekst som varmar på! Den kan varme lenge. Trur me må ha den hengandes her på kjøkkenet inn i det nye året og.
Flotte bilder med gode ord.

Melkebrød - godt med brunost på.
 Og så har me tent adventsstaken. I år er den sjølvlagt. Eg var med Bedehusdamene til eit plantesalg, der fekk me lage oss nydeleg adventspynt! Herlig å få kopiere noko fint som andre har laga. Og litt stas å ha gjort det sjølv.
Snart kan me tenna det 2.lyset.

Den gamle adventsstjerna.
20 år si me pusla i saman den.

Adventsstemning i heimen.

Lilla julestjerne - ein ny variant.
Eg er ikkje så glad i dei vanlege raude,
så denne passa fint.

Litt baking, julebrev, julegåver er og snart unnagjort. Og så kan me bare kose oss resten av adventstida. Eg prøver å ikkje styre for mykje. Vaskinga kan me ta til våren, det er så mørkt nå. Og bakinga må vere det me har aller mest lyst på, ikkje alle sortar som liksom "høyrer med".  Men nokre favorittar har me. I morgon kjem Eldstejenta på lefsebaking og julegeit-baking. Det vert nok koseleg.





1 kommentar:

  1. kjekt at dykk kosar dykk med kalendaren, eg kosar meg med min og :)

    SvarSlett