Kva strikka eg mest av i 2014?
Desse vart det 8 par av, trur eg. Nokre vart julegåver. |
Årets beste gåve:
Denne fekk Veslejenta i vinter. Ho ligg mykje ute i telt, og trengte noko godt og varmt om natta. |
Årets mest ufornuftige strikketøy:
I år strikka eg badehåndkle. Ikkje akkurat veldig fornuftig, men artig. Og så fekk eg brukt opp utruleg mange smånøster som ikkje var til noko anna nytte. |
Årets herreplagg:
Terjegenseren - til ein blid Terje. Denne vart påbegynt i 2013, men ferdig i 2014. |
Årets kjedeligaste strikketøy:
Kjekk restefest - men sidan eg strikka den i 2 utgåver, vart det litt kjedeleg i lengden. Særleg å feste trådane. |
Årets designer:
Eg har "blitt kjent med" ein designer i år! Linda Marveng - flott og inspirerandes å vere på kurs med ho! |
Beste dameplagg:
Her vart det mange......
Desse var til meg i løpet av 2014! Eit egoistisk år, med andre ord. Den øverste er den minste stripejakken - den kjem kanskje for salg på nyåret. Men 7 nye yndlingsplagg..... ikkje verst! |
Årets tregaste strikketøy:
Dette garnet kjøpte eg på Kreta i 2012. Endeleg vart det til gode tjukke gryteklutar. |
Beste sjal i 2014:
Ingen sjal i år.....
Men skuffa er full, treng visst ikkje fleire.
Årets beste leiketøy:
Ingen leiketøy heller.....
Beste hals:
Heller ingen hals ......
Men på Kammerset ligg garn til ein.
Kanskje neste år?
Men på Kammerset ligg garn til ein.
Kanskje neste år?
Årets gladaste sokkepar:
Det må bare bli sauesokkane, sjølv om dei var grå! |
Årets minste herreplagg:
Gubben var visst uheldig i tildelinga av strikkeprosjekter. Dette var det andre og siste plagget han fekk! |
Årets minst brukte plagg:
Nisselue. Eg har vel ikkje så enormt brukt for denne, men kjekt kvar gong me har nissefest på skulen. I år har den har vore brukt 2 gonger. |
Beste - ellert mest brukte - modell:
Bildene avslører at det er bare to som har fast adresse i Konglevegen for tida. Ikkje mange modellar å velge i då. Og sidan Gubben bare fekk to plagg, vart eg den mest brukte modellen. |
Årets største utfordring:
Lite plagg, men litt utfordrandes likevel. Biser var eit nytt strikkefenomen. |
Årets gjenganger:
Denne har eg fiksa på 3 gonger! |
Årets største strikketøy:
Fjellteppet "Nuten" Dette var nok det største prosjektet dette året. Men også dette prosjektet starta lenge før, nemleg i 2012! Skikkeleg langtidsprosjekt! |
Årets mest "gyngandes" prosjekt:
eller
Årets "sjøprosjekt":
Gubben bestilte nye tova sitteputer til gamlebåten Malena. Det blei godt og varmt på "bøljan blå!" |
Årets beste resteprosjekt:
Det må vere pleddet i restegarn! I "Tonefargar". Eg er veldig glad i blåe-lilla-og-grønne fargar. |
Årets nykommer:
Klutar frå Bitta Mikkelsborg. Kjekke å ha til presangar. |
Årets søtaste strikketøy:
Rosa oppvaskfille er det som er nærmast betegnelsen "søt" (Rar farge på bilde) |
Årets høgaste strikkeprosjekt:
Må vere strikketøyet som fekk vere med på Galdhøpiggen. 2469 m over havet! Høgt nok det. |
Strikketøyet som gav mest glede, eller oppmerksomhet:
Dei fleste strikketøya har gitt glede, både undervegs og i bruk.
Så ingen spesielle prosjekt er plukka ut her.
Så ingen spesielle prosjekt er plukka ut her.
En flott kavalkade! Kjekt å kunne oppsummere strikkeåret på en slik måte:)
SvarSlett