Litt hemmeleg... |
Då var det på tide å sette i gang med noko nytt. Stripegenseren nærmar seg veldig slutten, nå har eg bare kantane igjen. Og feste 1 million trådar.....
Raglandsfelling |
Ellers har eg latt meg friste over evne. To posar med garn er innkjøpt! Men begge prosjektar kan bli gode og nyttige. 1.pose er garn til ein julegenser. Det har eg igrunnen hatt lyst på lenge. Eg jobbar som lærar i småskulen, er med andre ord litt "barnsleg" av meg. Derfor har eg lyst å ha ein fin julete genser til bruk i adventstida. Nå har eg funne eit mønster på Ravelry, av Maria Simonsen . Den likte eg kjempegodt! Så nå er mønster og garn innkjøp, det røde garnet hadde eg liggandes. Genseren var kun i str L, men ved å velge eit tynnare garn, Sisu, trur eg den blir akkurat passe til meg. Eg er allereie godt i gang.
Mønsteret nede. Eg gler meg til snømennene som kjem etterkvart. |
Neste prosjekt er ein pose mjukt Tweed-garn frå Sandnes. Det skal bli ein litt sid jakke som passar til feks. kjole og skjørt. Herlig garn - og godt å strikke av. På pinne nr.5 går det raskt unna.
Og jammen fant eg meg ei fin oppskrift som eg skal bruke det regnbuefarga Kauni-garnet mitt til. Eg gler meg til å gå i gang med det. Kjem tilbake til det etterkvart.
Ha ein god adventstid vidare.
Det er fint å være småskolelærer i adventstida, og det er den tida på året jeg savner skolen. Jeg kom imidlertid ikke så langt at jeg strikka en genser til det bruket. Spennende! Lykke til med alle prosjektene, og fortsatt god førjulstid.
SvarSlettKlem fra Ingunn