tirsdag 20. april 2010

Utsikt frå sofakroken!

Eg har parkert - for ei tid! Eg har fått meg eit prolaps i ryggen, og må ta del i kvardagen frå sofakroken! Det vonde i ryggen som bare blei verre og verre, viste seg å vera ein mellomstort prolaps! Sånn kan det gå! Men prognosane for å bli bra er gode. Det kan bare ta litt tid! Så nå har eg fått beskjed om å leva som ei prinsessa, ta hensyn til meg sjølv - og gleda meg over ting som eg greier å gjere! Og det er mykje! Rusle rundt i hagen og sjå at det spirer, gå turar i ulendt terreng (eg har funne meg eit kulturbeite i nærheita som eg tråvar på kryss og tvers!), lese bøker som ventar på å bli lest, sjå frukost-TV mens eg et frukost - og ikkje minst: STRIKKE! Det går fint å strikke liggandes eller lendt bakover. Og så er det utruleg lett å gå igang med nye prosjekter! Litt av garnlageret mitt skal bli til noko! Så nå nokre veker blir eg å finna mest heime, men etterkvart må eg nok ned til de "søte små" på skulen. Plutseleg er eg tilbake i full vigør! Imens "kosar" eg meg - med utsikt frå sofakroken!


Langtidsprosjekt:
Kanskje dette og blir til eit teppe ein gong?

Det går framover med "regnbueteppet"!
Eg har komt til gult og grønt!
Ein kose-jakke,
strikka frå halsen og ned!
To sitteputer som gjerne vil vera med på tur!
Desse fann eg påbegynte i strikkekorga!
Godt med ei vår-rydding!
Sittepute-madrass til den blå benken på hytta!
Den låg heilt på bånn i strikkekorga!

Litt tjukt garn som vil bli til noko tova!


Bøker - innkjøpt på salg til påskelesing!
Kanskje eg får tid nå?
Tilslutt: Mi flinke dotter!
Guro er igang med hekleteppe nr. 2
Fantastisk flott!

mandag 12. april 2010

"Havesyken!"

Maen har fått "havesyken"! Han får den kvar vår! Den arte seg sånn at han brukar mykje tid på ulike prosjekter i hagen. Det kriblar i fingrar og musklar etter å setta igang ! Det kan kanskje samanliknast med mine kriblingar i kontakt med nye garnnøster! I år er det hekken som fekk gjennomgå. Laurdag morgon drog han igang motorsaga, og meide vekk heile buskasset. Han lempa det på tilhengaren og kjørte det til Sele Bossplass før eg fekk sukk for meg!Seinare på dagen måtte me på handletur, ny hekk + diverse frukttre skulle kjøpast inn! Så nå har han mykje godt arbeid føre seg! Og hagen blir nok flott etterkvart! Det er jamen godt med sånne "syger" av og til!

Gartneren i sving!
Det blomstrar allereie!
Dette skal bli ny hekk!
Barlind!
Plommetre!
Me gler oss til det kjem plommer på!
Grasløken spirer!
Blomstrandes tre!

mandag 5. april 2010

Ferietid er strikketid!

I feriane har eg som regel litt ekstra tid til å kose meg med eit strikketøy! I år klarte eg å avslutta nokre strikkeprosjekt mens me var på hytta! Det er ein god følelse å festa alle trådane, rulle saman strikkepinnen og gje produktet til ein glad mottakar! Nå nærmar det seg skikkelig botnen i strikkekorga! Men nye idear er på veg! Og garnlageret ropar etter å bli brukt! Så det kriblar allereie etter å begynna på noko nytt!
"Lommetøfler" i plommetreet.
Det vart 4 par!Maren si kvite flettetjakke vart ferdig!Og ho vart hoppandes glad for den!
Terje fekk nye sokkar!
Det var faktisk det fyrste paret eg har strikka til han!
På tide - etter 25 år som mann og kone!

Påske!

I år vart påsken på Randøy fin! Ganske mykje fint ver, turar - både høgt og lågt, båttur med innlagt handletur på butikken på Skartvedt, koking av gule egg i grua + steiking av pinnebrød, og poppcorn i den nye poppcorngryta mi! Påskeegg, påskekrim, påskelesestoff, påskestrikk.... Alt som høyrer ein god påske til. Alt dette blei til gode dagar på hytta. Godt å sjå at naturen vaknar til live igjen, og kjekt å vere ilag og gjere kjekke ting!

Vårteikn!
Påskesol i vinduskarmen!

Ut på tur!
Til Skjekkjeåsen på Fister!
Snart på toppen!
Matpause!
Aldri ein fjelltur utan mat!
På heimveg:
Litt dumdristighet?!
"Eg må jo bare prøva!"
Som far, så dotter.....
Tid for påskeegg!
Glad mann!

Naturen er mangfoldig!

Påskesol i vannkanten!
Egg-koking i grua!

Nam- nam!


Dette funka bra!
Det gjaldt bare å ta av gryta i rett tid,
før heile poppcorna brant opp!