tirsdag 20. april 2010

Utsikt frå sofakroken!

Eg har parkert - for ei tid! Eg har fått meg eit prolaps i ryggen, og må ta del i kvardagen frå sofakroken! Det vonde i ryggen som bare blei verre og verre, viste seg å vera ein mellomstort prolaps! Sånn kan det gå! Men prognosane for å bli bra er gode. Det kan bare ta litt tid! Så nå har eg fått beskjed om å leva som ei prinsessa, ta hensyn til meg sjølv - og gleda meg over ting som eg greier å gjere! Og det er mykje! Rusle rundt i hagen og sjå at det spirer, gå turar i ulendt terreng (eg har funne meg eit kulturbeite i nærheita som eg tråvar på kryss og tvers!), lese bøker som ventar på å bli lest, sjå frukost-TV mens eg et frukost - og ikkje minst: STRIKKE! Det går fint å strikke liggandes eller lendt bakover. Og så er det utruleg lett å gå igang med nye prosjekter! Litt av garnlageret mitt skal bli til noko! Så nå nokre veker blir eg å finna mest heime, men etterkvart må eg nok ned til de "søte små" på skulen. Plutseleg er eg tilbake i full vigør! Imens "kosar" eg meg - med utsikt frå sofakroken!


Langtidsprosjekt:
Kanskje dette og blir til eit teppe ein gong?

Det går framover med "regnbueteppet"!
Eg har komt til gult og grønt!
Ein kose-jakke,
strikka frå halsen og ned!
To sitteputer som gjerne vil vera med på tur!
Desse fann eg påbegynte i strikkekorga!
Godt med ei vår-rydding!
Sittepute-madrass til den blå benken på hytta!
Den låg heilt på bånn i strikkekorga!

Litt tjukt garn som vil bli til noko tova!


Bøker - innkjøpt på salg til påskelesing!
Kanskje eg får tid nå?
Tilslutt: Mi flinke dotter!
Guro er igang med hekleteppe nr. 2
Fantastisk flott!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar