Viser innlegg med etiketten utestrikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utestrikking. Vis alle innlegg

søndag 22. januar 2017

I strikkekorga i januar.

Det nye året er godt i gang. Plutseleg føltes det så lenge sidan det var jul... Julepynten er rydda vekk for lenge si, Veslejenta er reist nordover, og dagane er ennå korte og mørke. Av og til er det og mykje ver rundt hushjørnene her på Jæren. Mange dagar går me framleis glipp av dagslyset, mørkt når me går på jobb, og skumring når me kjem heim. Men innimellom - og av og til i helgene - skinn sola. Då er det ekstra godt å kle på seg ullkler og stikke nasane ut. Og innimellom er det godt med ein strikkepause! Eller kanskje eg må sei - ganske ofte er det godt med ein strikkepause.

Akkurat nå finn eg akkurat dette oppi strikkekorga:

 Lysegrønn jakke i Shetland Soft frå Malsen og mor
Jakken Engsoleie.
Går stadig litt framover.
Nærmar meg vrangborda nere.
Kan anbefalat å strikke nedover.
Lett å tilpasse lengden etterkvart.


 Sokkar til Reisejenta
Tynne sokkar i Arwetta Classic
frå God som ull.Kjekt å strikke den nye
yndlingshælen min:
Tomatoheel.


Sjal i nydelig garn fått av Eldstejenta
Dette garnet har eg fått frå Eldstejenta.
Endeleg var eg klar for eit fint sjal.
Måtte finne ein variasjon der eg begynner på midten
og strikker til det er tomt for garn.

Flotte fargar.
Det øverste nøste ligg i strikkekø.
Snart klar for det og.
Gåve frå Eldstejenta det og.

Hals i Merinoull til Tordis
Hals til Tordis.
Kjekt med litt mormorstrikk.




 Regnbuegenser i restegarn

Og så var det alt restegarnet..Nå er eg i gang med litt Gi-bort-strikk.
Tenkte eg skulle strikke opp litt barnegensera av det garnet som har ligge lenge.
Kanskje eg kan sende dei til Ukraina eller noko slikt?

Flettepute frå garnlageret
Denne har og ligge ei stund i strikkekorga.
Nå er eg over halvvegs.
Ny bok i strikkehylla
Denne kan anbefalast.
Her var det mange flotte sokkar
der ein kan få bruke av garnlageret sitt.

 Til slutt eit lite solbilde.
Never not knitting.
Flott på ein topp, med strikketøy og bål i sekken
Iskunst

søndag 16. oktober 2016

Vottedagen 2016

14.oktober er det vottedagen, 
i følge gamle primstavar. 
Då er det på tide å ta fram vottane og ta dei i bruk. 
Dette har dei "feira" på Instagram. 
I år vart det mange flotte bilder av fantastiske vottar. 
Veldig kjekt å sjå.  
Pinneguri som sette i gang dette på Insta oppfordra alle til å strikke vottar ute i det offentlige rom. 
Denne utfordringen måtte prøvast. 
Sidan eg er på hytta,  tok eg med meg Gubben og to strikketøy 
og drog inn til Hjelmelands ferjekai. 
Der står det nemleg ein kjempestor Jærstol, 
dei lagar nemleg mange slike stolar -i  normal størrelse- her i bygda. 
Den store stolen passa godt til å sitte å strikke på, tenkte eg. 
Litt strevsomt å komme seg oppå, men det gjekk. 
Litt lite grasiøst, men det gjer ingenting. 
Opp kom eg, og strikka fekk eg.


Ikkje lett å sjå kva vottar eg strikkar,
men det er Snøhvit frå Eventyrvottar.


I tilleg fann eg fram alle strikkevottane me hadde på hytta og hengte dei ut til lufting. Artig det og!

Eg har ikkje strikka alle sjølv,
men desseer ofta i bruk på hytta.
Har nok endå fleire fine par heime, i allefall i gåvekorga mi. Får vise dei ein annan gong.

søndag 11. september 2016

På an igjen.....

Eg har visst hatt ein pause frå blogginga. Ein lang pause. Plutseleg bare gjekk vekene, og eg var ikkje i bloggehumør. Ei god blogge- og strikkevenninne sette fart i meg igjen her i dag. "Tenk på dei kjekke bøkene me kan bestille kvart år!" Og det er sant! Det er veldig kjekt å få bloggen utgitt i bokform. Eg har fleire årgangar allereie. Så nå satsar eg på å vere igang igjen.

Eg har jo ikkje akkurat stoppa å strikke sjølv om det vart stopp her, så det er jo alltid noko å ta bilde av. Og mange kjekke turar og opplevelsar har me hatt i løpet av sommaren. Mange fine bilder ligg klare for å visast fram. Det må visst bare bli eit raskt resymè.

Sommarminner:
To systre på gondoltur i Venezia

Strikketøyet var med.
På fjelltur i Dolomittene.
Tre Cime kaltes desse fjella.
Mektig og flott.

På kvar ein fjelltopp låg ein restaurat!
Det smakte godt med litt kaffi til nistepakken.

Kjekt å ha godt turfølge.
To systre og to svograr!
Spennandes stiar å gå på.
Vil helst ikkje skli utfor her.
Det var langt ner.

På toppen av Nuvolau - 2575 moh.
i Dolomittene.
Fantastisk utsikt.
Fasinerandes med utruleg flott
blomterprakt så høgt!

Og strikketøyet var med på tur.
Så litt hytteferie.
Herlig å ta "Malena" med på kveldstur på
speilblank kveldssjø.
Kapteinen.

Matrosen.
Liker best å styre med eigne ting ombord.
Strikking, for eksempel.
Og ein bitte liten matros.
Kan bli godt mannskap etterkvart.
Nå var det stas å prøvesitte morfar sin båt.
Portør.
På trebåtfestival i Risør.
Haust og tid for fjelltur her heime.
Fannafjellet i Øvre Espedal.
Ein god sommar er over.
Mange fine minner.
Mange fine dagar.