Viser innlegg med etiketten julekrybbe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten julekrybbe. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2015

Jul.

Plutselig vart det jul! I år følte eg den kom som julekvelden på kjerringa. Ingen blogginnlegg i heile desember, det er litt uvanleg. Men i år har det vore ein del "tidstjuvar" på ferde, så tida strakk ikkje til. Svigermor døyde 29.nov, og då blei planane for førjulstida litt annerledes. Det er alltid trist når eit liv er over, men me har mange gode minner. Men det blei jul i stova likevel, med Veslejenta som kom heim på juleferie, med mindre kaker i boksane, ikkje lefser, og romjulskort i staden før førjulskort.  Viktige ting som julegåver, pinnekjøtt og god mat blei innkjøpt i god tid. Og det beste av alt, alle tre jentene med sine familiar var heime på julekvelden. Då gjer det ingenting om ikkje alt er på stell. Å ha god tid til å vere i lag, lage gode middagar og dekke lange bord, gå i juleselskap og få besøk av julebukkar i romjula - det er godt å ha juleferie.


Den strikka julekrybba var i bruk i ny 1.klasse i år.
"Du er jammen flink å strikka"
fekk eg høyre nokre gongar.
Kjekke ungar!
I jula fekk den vere heime.

I år vart treet ekstra høgt!
Godt med god takhøgde i stova.

Alle 5 jentene i familien.
Frå venstre: Meg sjølv, Guro Reisejente,
Maren Veslejente, Matilde Eldstejente
og vesle Tordis.
Familiens midtpunkt.

Desse julerosene fann eg i hagen på julaften.
På Jæren kan me visst plukke blomster året rundt.

søndag 11. november 2012

Eg måtte bare begynna på denne.....

Ein dag tok eg turen innom Narvesen-kiosken. Av og til hender det at dei har nokre spennandes håndarbeidsblad. Denne gongen fann eg ei lita bok med ei strikka julekrybbe. Eg måtte bare kjøpe den - og eg måtte bare begynna på eit nytt prosjekt. Restegarnet er spredd utover kammersgolvet, eg må kunne plukke ut akkurat den rette fargen som eg treng. Maria og Josef er ferdige, Jesusbarnet manglar bare fjes, og engelen er undervegs.. Men kva skal julekrybba brukast til? Eg pleier å ha ei julekrybbe for skuleungane mine. Det eg har brukt i mange år nå er eit stort bilde der eg "limer" (med borrelås) på diverse englar og sauer og palmer og folk - ispinnefigurar. 1 for kvar dag.  Men det er slitt, og begynner å gå i oppløysing. Det trengs utskiftning. Så nå er eg i gang - ikkje sikkert eg kan ta det i bruk i år, men plutseleg er det jul 2013! Då er eg nok ferdig:-)


Koselig bok!

Maria - litt stiv i armane ennå,
kanskje eg må ty til piperensara inni.

Ein liten familie

Engelen - nærmar seg klar.