Ein dag tok eg turen innom Narvesen-kiosken. Av og til hender det at dei har nokre
spennandes håndarbeidsblad. Denne gongen fann eg ei lita bok med ei
strikka julekrybbe. Eg måtte bare kjøpe den - og eg måtte bare
begynna på eit nytt prosjekt. Restegarnet er spredd utover kammersgolvet, eg må kunne
plukke ut akkurat den rette fargen som eg treng. Maria og Josef er
ferdige, Jesusbarnet manglar bare fjes, og engelen er undervegs.. Men kva
skal julekrybba brukast til? Eg pleier å ha ei julekrybbe for
skuleungane mine. Det eg har brukt i mange år nå er eit stort bilde der
eg "limer" (med borrelås) på diverse englar og sauer og palmer og folk -
ispinnefigurar. 1 for kvar dag. Men det er slitt, og begynner å gå i
oppløysing. Det trengs utskiftning. Så nå er eg i gang - ikkje sikkert
eg kan ta det i bruk i år, men plutseleg er det jul 2013! Då er eg nok
ferdig:-)
|
Koselig bok! |
|
Maria - litt stiv i armane ennå, kanskje eg må ty til piperensara inni. |
|
Ein liten familie |
|
Engelen - nærmar seg klar. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar