Det måtte bare bli litt om DOMINO denne gongen. Det er ein teknikk eg
har blitt veldig glad i. 1 remse er nesten ferdig, på fjellteppe mitt
"Nuten". Men eg har det litt travelt med andre ting og, nemleg
strukturteppe til minstejenta. + noko som kjem i neste innlegg! Men
tilbake til domino - misjonsforeningsdamene var samla her ein kveld! Det
er alltid utruleg kjekt og inspirerandes. Og jammen drar dei opp
teppene sine i ulikt fargespel. Fantastiske tepper. Det er ein fryd. Og
fleire av dei seier: På neste teppe skal eg strikke ..... Andre enn meg
er altså hekta! Kjekt . Eg tar med nokre bilder av dei teppene eg
allereie har strikt, etter oppfordringen i forrige innlegg.Det blei jammen ein del - og fleire kan det bli:-)
|
Det første teppe eg strikka. Det bur på loftstova. |
|
Teppe nr. 2 - varmar på hytta. |
|
Regnbueteppe - var teppe nr.3 Bur i stova |
|
5.teppe - Stranda - bur og i stova. |
|
Gladgul - bur på Tjelta hos eldstejenta. |
|
Hyttesengeteppe - med ekstra store ruter og i tjukt garn |
|
1.nepalteppe |
|
Nepalteppe nr.2 |
|
Nepal 3 |
|
Nepal 4 |
|
Siste påbegynte teppe - Nuten - Varmar ikkje så mykje ennå. |
|
Restar etter Regnbueteppe - blir nok til eit teppe det og ein gong! |
For noen fantastiske tepper! Regnbueteppet var helt utrolig nydelig!
SvarSlett