søndag 18. mai 2014

Ein fin sundag!

Me har hatt ein nydelig 18.mai. Strålandes sol frå morgon til kveld - godt og varmt, og tid til å gå på tur. Me pakka termosen med kaffi, ein ekstra vindjakke og solbriller og drog til Sola. Her åt me nydelig søndags-middag på "Himmel & Hav". Etterpå gjekk me frå Solastranda og sørover til Ølberg! Ein flott tur gjennom fritt og godt terreng. Strålandes sol, knausar og beitemark, horisonten der himmel og hav møtes, strandnellikkar og bitterbergurt, det er flott å vere ute - ilag med gode venner. Takk for ein fin sundag.
God mat i det fri!

Herlig dessert.


Flotte strandnellikkar.

Bitterbergknapp

Må alltid ha eit "sjølfi"

På Ølberg måtte eg bare vassa litt.
Det var iskaldt.

Ispause i solveggen

Fine sjøhus.

Trenger visst litt sol desse bleike kyrne.

Bekkeblom

Og vinneren er......

Det er 18.mai - og tid for den store trkningen i syltetøy-lotteriet! Takk for alle koselege kommentarane som dokker har lagt igjen. Jammen er det mange favorittsyltetøy rundt forbi. Eg har nå kåra ein tilfeldig vinner. Gubben var med på trekkinga slik at det skulle gå rett føre seg.

Mange lappar i lotteriet.

Ein fin hatt måtte til.

Tilfeldig utvelging.

Og vinnaren er:
Liv Oddny!
Mi gode venninne frå barndommen.
Du skal få boka på sundag:-)

Takk til alle som var med! 
 Var du ikkje den heldige, kandu kjøpe boka på bokhandelen eller bestille den i Hobbyklubben.

Hagen min.

Eg er så heldig at eg har ein hage. Av og til er den ganske forvokst og strevsom. Me har det ganske bratt, og ligg nordvendt til, så det har vore ein del utfordingar opp gjennom åra. Men innimellom, når Gartnaren har fått jobba litt, då er eg riktig så fornøyd med hagen min. Heldigvis har eg ein Gartner - Gubben likar godt å stulle og stelle og ta dei tyngste taka. Og så kan eg vere assistenten. Eg syns det er ei grei ordning, for dei tyngte løfta og spadetaka passar nok ikkje så godt til min rygg. Nå er me akkurat inne i ei god jobbeøkt i hagen. Etter eit fjorår med minimalt arbeid, (då bygde Gubben kyrkje!) tregtes det sårt med nokre ettermiddagar og  kveldar ute. Og så er det jo kjekt å gjere noko samman. Plutseleg er noko for stort eller visna, og nye planter måtte kjøpast inn. Litt ny mold i beda, og eit par tilhengarlass med bark håpar me og å få på plass denne veka. Men på ein søndag er det fint å rusle rundt og kikke på det som spirer og gror, og sitte ner og nyte sommarsola.


Markjordbær
- som har funne seg ein plass i hagen
og trivs veldig godt.

Frå kjøkkenhagen.
Gubben har planta ulike løkar.
Gler meg til hausten

Blir nok mykje rips i år og.

Solbær - vil nok ha
litt meir sol enn det den får her.
Flytting må nok til

Gartneren - i bakhagen,
der alt er litt vilt.

Taket på Eldhuset.
Fin gammal årgang.

Blodbøka begynner å bli vel stor.
Må kanskje beskjærast litt.

Syriner - flotte på denne tida.
Her oppe i hagen er utsikten flott!

Heggen frå Røssdalen.
Planta som ein liten kvist.

Eg har ein bambus bak huset.
Gubben hadde igrunnen ikkje tru på at den
ville trivast, men det gjer det.

Gjerdet på toppen av tomta.
Furet værbitt.....
Treng eit strøk beis her visst.

Plass til ved har med og.

"Lille Persille i hagen står"
I ei gammal krukke.

Grasløk - blomstrar snart fint!

Rhododendron.


Litt gran - eller kulegran som den heiter.

Kjekt med litt fargar.

Båten "Malena" er og heime i gardsrommet.
Gubben likar å hekte den på bilen
og ta seg ein rotur i fint ver.

Eg har funne fram igjen den strikka sykkelen.
Den har stått inne i vinter.
Men den har tapt seg...
Den er blitt ganske falma og har ein god del grønske.
Gode råd mottast med takk!

Eg er glad i gamle bord.
Dette har stått ute i mange år.
Utruleg at det "lever" ennå.

Gamle melkespann og ei gammal krabbeteine.
Kjekt å ha.




Her er fint å ete frukost.
Her kjem sola først.

Eldhuset og leikehytta.

Kjekt med liljekonvall

Trapper og gelander har me ein del av.

Godt at Gubben likar å jobbe med stein.
Han har laga mange murar og trapper.

Og byggverk ( Eldhuset, leikehytt)

Vegen opp til kjøkkenhagen.

Og nederst i hagen står lyktestolpen.
God og varm i sommarsola.

Tulipanane er snart på hell.

torsdag 15. mai 2014

På pinnane i mai.

Eg strikkar stadig. Kanskje ikkje nokon overraskelse. Eg jobbar meg jo nedover i garnlageret mitt dette året, og det er eit ganske kjekt prosjekt. Eg finn stadig på nye ting eg har lyst å strikke med det garnet som eg har. Noko garn er ganske gammalt, noko er ganske nytt. Men alt finn eg på Kammerset. Men eg skal inrømme: eg har kjøpt 2 nøster for å gjere ferdig kanten på Nuten-teppet, og litt nytt garn til nye sitteputer i trebåten. Eg hadde ikkje nok i restegarnet. Men slik må det vere - teppet kunne ikkje ligge resten av året pga oppbrukt garn. Akkurat nå er det dette eg har på pinnane:

Bestillingsverk:
Gubben har bestilt nye sitteputer til trebåten:
Me skal på festival i sommar
- me må sitte skikkelig godt og varmt då.
Restar frå Terjegenseren.
Skal tovast.

Teppet veks!
Herlig med "mine" fargar.
Eg finn mykje garn som passar inn her.



Eit anna tove-prosjekt.
Skal bli pute til solstolen som er litt kald.

Striper i bomullsgarn
Skal bli håndkle til gjestetoalettet..