| Markjordbær - som har funne seg ein plass i hagen og trivs veldig godt. |
| Frå kjøkkenhagen. Gubben har planta ulike løkar. Gler meg til hausten |
| Blir nok mykje rips i år og. |
| Solbær - vil nok ha litt meir sol enn det den får her. Flytting må nok til |
| Gartneren - i bakhagen, der alt er litt vilt. |
| Taket på Eldhuset. Fin gammal årgang. |
| Blodbøka begynner å bli vel stor. Må kanskje beskjærast litt. |
| Syriner - flotte på denne tida. Her oppe i hagen er utsikten flott! |
| Heggen frå Røssdalen. Planta som ein liten kvist. |
| Eg har ein bambus bak huset. Gubben hadde igrunnen ikkje tru på at den ville trivast, men det gjer det. |
| Gjerdet på toppen av tomta. Furet værbitt..... Treng eit strøk beis her visst. |
| Plass til ved har med og. |
| "Lille Persille i hagen står" I ei gammal krukke. |
| Grasløk - blomstrar snart fint! |
| Rhododendron. |
| Litt gran - eller kulegran som den heiter. |
| Kjekt med litt fargar. |
| Båten "Malena" er og heime i gardsrommet. Gubben likar å hekte den på bilen og ta seg ein rotur i fint ver. |
| Eg har funne fram igjen den strikka sykkelen. Den har stått inne i vinter. Men den har tapt seg... Den er blitt ganske falma og har ein god del grønske. Gode råd mottast med takk! |
| Eg er glad i gamle bord. Dette har stått ute i mange år. Utruleg at det "lever" ennå. |
| Gamle melkespann og ei gammal krabbeteine. Kjekt å ha. |
| Her er fint å ete frukost. Her kjem sola først. |
| Eldhuset og leikehytta. |
| Kjekt med liljekonvall |
| Trapper og gelander har me ein del av. |
| Godt at Gubben likar å jobbe med stein. Han har laga mange murar og trapper. Og byggverk ( Eldhuset, leikehytt) |
| Vegen opp til kjøkkenhagen. |
| Og nederst i hagen står lyktestolpen. God og varm i sommarsola. |
| Tulipanane er snart på hell. |
Så flinke dere er! Her var det mye arbeid nedlagt! Flott hage!
SvarSlettØnsker dere ei fin uke!
Klem