søndag 18. mai 2014

Hagen min.

Eg er så heldig at eg har ein hage. Av og til er den ganske forvokst og strevsom. Me har det ganske bratt, og ligg nordvendt til, så det har vore ein del utfordingar opp gjennom åra. Men innimellom, når Gartnaren har fått jobba litt, då er eg riktig så fornøyd med hagen min. Heldigvis har eg ein Gartner - Gubben likar godt å stulle og stelle og ta dei tyngste taka. Og så kan eg vere assistenten. Eg syns det er ei grei ordning, for dei tyngte løfta og spadetaka passar nok ikkje så godt til min rygg. Nå er me akkurat inne i ei god jobbeøkt i hagen. Etter eit fjorår med minimalt arbeid, (då bygde Gubben kyrkje!) tregtes det sårt med nokre ettermiddagar og  kveldar ute. Og så er det jo kjekt å gjere noko samman. Plutseleg er noko for stort eller visna, og nye planter måtte kjøpast inn. Litt ny mold i beda, og eit par tilhengarlass med bark håpar me og å få på plass denne veka. Men på ein søndag er det fint å rusle rundt og kikke på det som spirer og gror, og sitte ner og nyte sommarsola.


Markjordbær
- som har funne seg ein plass i hagen
og trivs veldig godt.

Frå kjøkkenhagen.
Gubben har planta ulike løkar.
Gler meg til hausten

Blir nok mykje rips i år og.

Solbær - vil nok ha
litt meir sol enn det den får her.
Flytting må nok til

Gartneren - i bakhagen,
der alt er litt vilt.

Taket på Eldhuset.
Fin gammal årgang.

Blodbøka begynner å bli vel stor.
Må kanskje beskjærast litt.

Syriner - flotte på denne tida.
Her oppe i hagen er utsikten flott!

Heggen frå Røssdalen.
Planta som ein liten kvist.

Eg har ein bambus bak huset.
Gubben hadde igrunnen ikkje tru på at den
ville trivast, men det gjer det.

Gjerdet på toppen av tomta.
Furet værbitt.....
Treng eit strøk beis her visst.

Plass til ved har med og.

"Lille Persille i hagen står"
I ei gammal krukke.

Grasløk - blomstrar snart fint!

Rhododendron.


Litt gran - eller kulegran som den heiter.

Kjekt med litt fargar.

Båten "Malena" er og heime i gardsrommet.
Gubben likar å hekte den på bilen
og ta seg ein rotur i fint ver.

Eg har funne fram igjen den strikka sykkelen.
Den har stått inne i vinter.
Men den har tapt seg...
Den er blitt ganske falma og har ein god del grønske.
Gode råd mottast med takk!

Eg er glad i gamle bord.
Dette har stått ute i mange år.
Utruleg at det "lever" ennå.

Gamle melkespann og ei gammal krabbeteine.
Kjekt å ha.




Her er fint å ete frukost.
Her kjem sola først.

Eldhuset og leikehytta.

Kjekt med liljekonvall

Trapper og gelander har me ein del av.

Godt at Gubben likar å jobbe med stein.
Han har laga mange murar og trapper.

Og byggverk ( Eldhuset, leikehytt)

Vegen opp til kjøkkenhagen.

Og nederst i hagen står lyktestolpen.
God og varm i sommarsola.

Tulipanane er snart på hell.

1 kommentar:

  1. Så flinke dere er! Her var det mye arbeid nedlagt! Flott hage!

    Ønsker dere ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett