Nok eit strikketøy er ferdig! God følelse. Denne gong er det den lyseblåe lingenseren som er avslutta. Fint holemønster på armar og skuldre gjer at jumperen nesten vart litt elegant. Denne trur eg at eg skal få mykje glede av. Garnet vart funnen i ei restekorg på Sandnes garn, og var ein blanding av bomull og lin. Håpar det held seg godt, og ikkje vidar seg ut og blir slapsete. Armane fekk vere med til Italia, dei strikka eg på på fly- og togturane. Lett og godt turstrikketøy! Men når eg studerer jumperen på nært hold, ser eg at den er litt skeiv. Akkurat som den har dratt seg litt. Kanskje det er linen i garnet som gjer det. Jaja, det er jo eit naturprodukt.
|
Genseren fekk lufte seg ute i sola i dag. |
Nå får eg gå inn på kammerset å finna noko nytt garn å setta pinnane i.
|
Små Prinsessevottar |
Eg har og hatt eit lite rask strikkeprosjekt på pinnane, nemleg selbuvottar til den vesle Prinsessa. Kvit og lilla, ein rest i tynn alpakka, vart nok til eit lite par uten tommlar. Koseleg strikk.
Det ble da en aldeles nydelig sommergenser! Denne kommer du garantert til å få glede av.
SvarSlettSøte, små selbuvotter!
God tirsdagskveld fra Ingunn i Kristiansund
Tusen takk!
Slett