lørdag 26. september 2009

Ferdig??

Eg er framleis i oppryddings-fasen i strikkekorga! Hausten er ei fin tid for å gjere ferdig ting som er blitt påbegynt i løpet av sommaren! Men av og til samsvarer ikkje dei forventningane ein har til det som vert det ferdige produktet! Dette var tilfelle med min nydelige "jakke-vest" i flotte fargar! Den blei liksom ikkje heilt sånn som eg hadde forestilt meg! Då er det bare å gjere kort prosess: Å rekka opp! Så nå har eg mange flotte nøster - som kan gje liv til nye prosjekt! Nokre tips??


Det såg bra ut foreløpig!


Sånn kan og eit strikkeprosjekt ende!
Men jammen fann eg ein ny pose
flott, ubrukt garn under senga!
Nytt garn = nye muligeiter!

torsdag 24. september 2009

Ferdige strikkeprosjekt!

Nå er eg jammen ferdig med nokre strikkeprosjekt! Det er ein god følelse å festa trådane, sy i eventuelle knappar, dampa det ferdige produktet og kunne sei: "Yes, det blei ferdig!"
Nå er den gråe jakken klar for kalde dagar, islandsgarnet har komt i produksjon - til fine fargerike vottar! Kjekt å strikka - og ikkje minst: raske å strikka!!

Men korga er visst ennå full av uferdige ting....... Kanskej eg får dei og ferdige snart!

God å ha på kalde dagar!
Strikka i Tynn Alpakka og Fabel!

Her er nokre av vottane,
og fleire skal det bli!
Desse er jentene i huset sine!
Suvenir frå Islandsturen!

torsdag 10. september 2009

Tur til Island!

Me har vore på tur til Island, til Reykjarvik! Det var ein opplevelse! Varme kilder med mineralholdig vann, kafèbesøk, god mat, strikkebutikkar, masse flott islandsgarn, historiske plasser som Thingvellir, busstur med guide, sprutandes geysir og den flotte Gullfoss, som var eit mektig skue! Ei veldig flott helg er over, og me takkar for turen! Nå er det bare å gå igang med strikkepinnane og laga fine ting frå Island!

Ser dokke at me er 20 år yngre? Det var det dei lova!

Den Blå Lagune! Det var ein
nydelig opplevelse!


Me har sjeldan fått så mange tusenlappar ut or
minibanken! Me kan trygt sei at tusenlappane fekk føter å gå på!
(100 norske kr = 16oo islandske kronor)

Kselig å gå på kafè!



Me fann masse fint garn!


Her budde me, i eit hotell
med bølgeblikk-vegger, noko
som var veldig
vanlig!

På historisk grunn!
Her hadde sentrum på Island vore før i tida!
Alle viktige saker vart avgjort her!



No kjem geysiren øyeblikk!

Eit flott syn når vatnet plutselig stod til værs!


Eit merkelig fenomen desse geysirane!
Kokandes vatn som tyt ut or jorda!

Gullfoss!
Denne var og flott og mektig!