søndag 27. oktober 2013

Årets søstertur.


Me  3 systre har ein tradisjon  i ein del år - ei helg om hausten har me sett av til å vere i lag. Som regel har me reist avgårde til Ulsteinvik, men i år fant me på noko nytt. Me tok like godt turen ut av landet - på systrenes første utenlandstur i lag. Me drog til Warszawa - der niese Elise bur og studerer medisin. Dette var og kjekt. Kanskje tradisjonen har tatt ei ny vending. Då må me ta turen til Ulsteivik på ei anna tid av året.
I år fekk me ei flott helg, med god varme,  15 -16 grader og sol mens det regna og var ruskever heime! Me var på handleturar,  åt gode måltider, budde i ei leilighet i 18.etasje, tok taxi, rusla rundt i Gamlebyen, drakk cappuchino og anna god kaffi , hadde mange gode samtalar, var på Hard Rock Cafè og åt middag, hadde gode strikkepausar, fjolla og lo slik me bruker å gjere i lag, forstod endeleg korleis heisen virka, fekk god guiding av studenten og kjærasten, åt kjempegod lunsj i 13.etasje hos Elise, kjøpte røde skinnhanskar og nye Campel-sko, kjøpte nye vesker alle tre, var innom i ein kyrkje der me bare forstod to ord av det som blei sagt: "Jesus Kristus", såg mange flotte nye høghus, tok trikk og åt ein fantastikk flott frukost på Hilton hotell - 2 gonger. Ei flott helg! Me reiser gjerne igjen. Neste niese reiser til London etter jul - kanskje tantene plutseleg kjem på besøk?
Takk for ei fin helg, storesystrene mine!

Nye vesker og røde hanskar!

Fine haustblomster

Ein bitteliten hanskebutikk
der hanskane blei laga av denne karen.

Frå Gamlebyen.
Her var ei del arbeid som pågjekk.

Mine flotte systre!
Gildt å vere på tur i lag!

Turistar i by`n.

"Her bur eg!"
Elise student budde i ein flott leilighet.

Flott utsikt frå leiligheten hennar!


Flott frukost i nabohotellet!

Nye sko
- eg trur desse skal bli brukt mykje!

Og så var det tid for heimreise
To flyturar - til Frankfurt og Stavanger..



Korttidsprosjekt.

Veslejenta som går på folkehøgskule veit kor glad mora er i garnnøster. Når ho har vore ute på tur, har det hendt at ho kjem heim med fine nøster. I haust var ho på seiltur med "Statsraad Lehmkuhl" til Shetland. Då var der to nøster til mora med i baggasjen! Nydelege blå-grønne fargar. Eg brukte l garnet til vottar. Litt tjukt garn og pinnar nr. 4,5 - det blei til eit korttidsprosjekt. Herlig å gjere noko raskt innimellom. Nydelege vottar - eg brukte mønsteret frå dei mange vottepara eg har strikka i Islandsgarn. Men dette garnet virka litt tjukkare og stødigare. Og så har eg meir garn igjen - eg trur det er nok til eit par til. Gler meg til å ta vottane i bruk. Litt uklare bilder denne gong - slik kan det bli av og til.

Flotte nøster.
Dette gjekk fort!
 
Ferdig med nr. 1

Og med begge to!


søndag 20. oktober 2013

Langtidsprosjekter.

Å setta igang med eit nytt strikkeprosjekt er kjekt. Finna fine fargar, artige mønster og passandes strikkepinnar - er kjekke avbrekk i ein travel kvardag. Gode pausar mellom alt anna ein styrer med. Skulle tru at når det i utgangspunktet var kjekt og lystbetont, så skulle det ikkje vere så vanskeleg å gjere resten heller. Men enkelte strikketøy har ein tendens til å bli langvarige. Og det er ikkje alltid dei spøta med mest arbeid eller som er størst i størrelse. I mi strikkekorg ser eg at det er ofta dei små prosjekta som forsvinn litt, uten å bli ferdige. Men i haustferien klarte eg å rote dei fram igjen, og gjere dei ferdige! Hurra! Sokkar og vottar - som det har tatt 1 1/2 - 2 år på å strikke! Nesten godt gjort å drøye det så lenge. Stadig tenker eg at slik kan eg ikkje halde på. Ikkje begynne på noko nytt før alt anna er unnagjort. Men fortsette varer som regel ikkje lenge. Må, bare må begynna. Nøstene skriker etter å bli brukt! Men nå er eg klar for kalde dagar! Med nye vottar - og sokkar.

Jondalssokk - garnpakken vart
kjøpt i Hardanger sommaren 2012

Nydelege vottar - eg har kjøpt mønsteret til desse på denne bloggen!
Nydelige ting denne dama lagar.

Eg strikka vottane i tynn Alpakka.
Det står finull i oppskrifta, men då vart det litt for store vottar.

Desse begynte eg på i jan -12. Nesten 2 år sidan.....

Lappe på lappe.....

Teppet mitt er ferdig! Det er i grunnen ein stor prestasjon frå mi side. Vanlegvis har eg brukt lang tid på slike prosjekter, og sist eg prøvte meg på noko slik, tok det 9 år frå start til slutt! denne gong vart det nokre haustveker, og det er ny personleg rekord! Kjekt arbeid, eg var nøye og prøvte å gjere arbeidet så beint som muleg. Men jammen vart det litt skjeivt innimellom. Litt frustrerandes... Men, men, det er sånn eg fekk det til. Teppet vart fora med lilla fleece, frå Stoff & Stil, og quilta for hånd med molinètråd. Gode tips frå sydame Kari. Fin kant rundt, den blei faktisk ganske bein og fin. Nå kan dei kalde haustkveldane bare komme, eg er klar til å sitte under teppet - med strikketøyet!
Alle lappane er sydd på.

Ein liten tur ner i strandsteinane
gav fin bakgrunn for teppet mitt.

Kanten rundt blei lilla mønstret.

Kan og brukast til turbruk.
 
Havet og starnda er ein flott plass,
både som bakgrunn og turområdet!