søndag 28. oktober 2012

Camomille x 3.

Alle gode ting er tre, sa me alltid då me var små, og det er jo ein god leveregel. Skal me ha noko godt, er det på sin plass å ha tre stykker  av det! Det gjeld i allefall yndlingssjal! Mitt første Camomille-sjal strikka eg etter garnturen i Danmark i fjor. Det har vore sjeldant godt. Utruleg godt og mjukt og varmt og deilig og... Så godt at Camomille nr 2 måtte strikkast, og det er akkurat  ferdig. Og Camomille nr.3 er under produksjon. Og Hurra - eg har fått brukt litt av garnlageret mitt! (Men måtte kjøpe litt nytt og!) Sjal kan ein liksom ikkje få for mange av. Det er alltid brukt for eit til, eller plass til eit ekstra i sjalsskuffa. Må jo ha litt å velje i, slik at det passar til kåper, jakkar osv. Så nå kan vinteren bare komma - eg er budd!

Camomille nr.1 - garn kjøpt i Danmark

Camomille nr. 2 - ferdig i dag:-)

Klar for kalde dagar! Kanskje eg nøyer meg med eit om gongen.

Camomille nr. 3 - eit stykke igjen til det kan tas i bruk!
Gubben måtte vere fotograf.


Jammen greide eg C'en i alfabetrekka, neste gong vert det D (Kanskje det må bli om mitt yndlingstema DOMINO?)

søndag 21. oktober 2012

Blondekant!

Eg har komt til kanten på Camomillesjalet mitt, det som eg strikkar likt det eg strikka i fjor! Den er blondete og fin, og gjer ein flott avslutning på sjalet. Men det er nok litt tidkrevandes - så her gjeld det å henge i:-). Plutselig er det kaldt ute:-)

Fine taggar.

Langt igjen ennå......

torsdag 18. oktober 2012

Akkurat ferdig!

Jumperen min i blågrå/ lyst garn og med skotsk mønster frå Rowan, er akkurat ferdig. Trådane er festa, for 2. eller 3.gong, og eg er endeleg fornøyd med resultatet. Endeleg seier eg, for eg har vore litt mellomfornøyd innimellom. Det er ikkje alltid like enkelt å strikke til seg sjølv - og slik at det passar heilt perfekt! Jumperen var kjekk å strikka, men krevde innimellom einerom. Særleg då eg var midt i rosemønsteret. Men litt undervegs oppdaga eg at eg ikkje var heil fornøyd med vrangborda. Den var strikka på pinne nr. 3,5 slik som resten av genseren er, og var dermed litt slakk. Så eg bestemte meg ganske fort for at den ville eg strikka om igjen.  Men eg orka ikkje å rekke opp igjen heile mønsteret. Så då klypte eg heller opp ein omgang rett over vrangborda, og tok den av. Og strikka ny på pinne nr 3 slik at den blei litt strammare. Så "maska eg på"  resten av bolen. Men då syns eg jumperen var litt kort! Eg tok like godt av vrangborda ein gong til, og strikkka på den ei mønsterbord til! Så var det påsying igjen - med fine maskesting. Godt eg lærte meg ein del slike teknikkar i ungdommen, då eg strikka modellar for Sandnes Garn. Nå er genseren perfekt - den ventar bare på å bli tatt i bruk! Nå må eg inn på Kammerset og planleggja nye prosjekt! Garnlageret er fremdeles stort! Utruleg kjekt og inspirerandes å ha eit eige rom som eg bare har fine, nydelege, fargerike "ting" i! Innimellom tar jentene mine og ein tur innom! Veldig kjekt:-) Ps. Etter inspirasjon frå Monstermønster - har eg starta med overskrifter i alfabetisk rekkefølge. Denne gong A, neste gong B..... så få me sjå om eg og greier det!
                         God strikkehaust til dokke alle!
Egentleg ferdig:-)


Litt justering.

Uklart bilde...... men nå må det fine maskesting til!

Haustferien.

Sist veke var det ferie. Eg har som regel litt fleire dagar enn Gubben, men det skal noko til å matche alle mine feriar. Men onsdag etter jobb drog me på tur, bare oss to! Ungane styrer med sitt:-) Og jammen var me heldige med fridagane denne gongen! Me har sjeldan hatt det så flott i Ryfylke. Strålandes sol frå tidleg til seint, heilt vindstille dei fleste dagane, krabbe- og hummarfiske, tur i skog og mark, sopptur, besøk av gode venner, god mat og god tid til strikking. Alltid viktig å ha sekken full med garn når me dreg nokon plass! Herlege dagar - god opplading!
Blid-gubben!
Godt i solveggen
.
 
Siste rosene i år!

Nyper - med Halsnøy i bakgrunnen.

Denne gong erklærte eg meg som sjølvstendig båtførar.
Eg har øvt meg i mange år, men ikkje likt å legge inn til kai o.l.
Men nå bestemte eg meg for å greie det og - og det gjekk jo kjempefint!
Så neste år tar eg kanskje ut på tur aleine!!

Fin fangst!

Stille sjø - sjeldan i oktober

Bjørnebærkrattet

Flott kantarell
 
Kjekt med gode turvenner:-)

Siste rest frå hagen.

mandag 8. oktober 2012

Systerhelg - 2012

Då har me akkurat landa etter årets gode systerhelg. Denne gong tok me like godt med oss mennene våre på turen og. Ganske kjekt det og. Ei hausthelg i Ulsteinvik har blitt fast tradisjon, og det er like kjekt kvar gong. God prat, gode lange måltid, avslappandes strikkepausar, shoppingrunde neri Vik, tur i pøsregnet, gudsteneste, båttur i Sunnmørsskjærgården,  lått & løye og endå meire strikk. Me er nok litt hekta alle tre! Takk til vertskapet for ei fin helg, og
hipp-hurra
for  dei to gode systrene mine. 
 Nå er dei jammen blitt bestemødre begge to.

Ut på tur, aldri sur!
Godt å lufta seg litt sjølv om det regnar!

Gode kompisar på båttur!

Nå er me klare for tur!
Med strikketøyet klart!

Damene på båttur.

Flotte haustfargar.

Dei to yngste systrene.


Flott båt!

Godt dei to bestemødrene har ein
ung tullete syster som kan holde dei unge!