søndag 6. mars 2016

Det nærmar seg.

Eg er ferdig med bolen! I det siste har eg vore ganske trufast med flettegenseren min - eg har nesten ikkje rørt andre strikketøy! Nå er både bak - og framstykket på plass og halskanten påbegynt. Armane er på god veg! Tar begge på ein gong, så slepp eg den kjedelige nr.2.  Blir nok snart ferdig med dei og. Målet er å bli ferdig til påske! Kjekt når det går unna :-)

Det gjekk raskare denne gongen!

Halskanten er små fletter,
lik den som er på dei andre linningane.

Armane
 I tillegg har eg vore på pilkurs denne veka. Ei av foreningsvenninnene mine, Marit, driv Voll juletregard med pilefletting. Ho arrangerer også kurs. Denne gong var det "misjonsdamene" som fekk komma og fletta pilhjarte. Kjempekjekt! Dette skal få plass ute på veggen - enten på terrassen eller på hytta.
Måtte bare prøve det inne først.

I tillegg kjøpte eg meg ei korg som Marit har fletta!
Ny handveske.
Nydeleg arbeid

I morgon skal denne posen bli med på jobb.
Det er jo snart påske.
Det kan bli kjekt å lage duske-påskekyllingar då.
Kjøpt på posesalg på Sandnes Garn

6 kommentarer:

  1. Heilt nydeleg flettemønster! Dette blir ein praktfull gensar.

    SvarSlett
  2. Genseren blir lekker. Og hjertet var nydelig, kunne godt ha tenkt meg å lære å lage noe slikt. Ha en riktig fin uke.

    SvarSlett
  3. Lykke til med innspurten til påske! Blir veldig fin den genseren din da. Når jeg ser garnposen din med gult garn får jeg visse assosiasjoner.......
    Flott hjerte du har fletta, og gratulerer med ny korg! Fin den også!

    Jeg har stekt to porsjoner med flatbrød i dag, og nå er takka rydda bort for denne gangen. I kveld skal jeg kose meg og strikke.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for koselig kommentar! Så kjekt med bakedag. Då er det ekstra godt med ein strikkepause i kveldinga.

      Slett