søndag 26. februar 2012

Teststrikking pågår.

Eldstejenta har blitt strikkedesigner. Ho ha laga ein flott jakke med fletter på.  Det er kjekt når ungane "går meg i næringa" - og blir like hekta som meg på strikkinga.  Eg er som regel fornøyd med å strikke det andre har komt på, mens dei unge idag prøver oftere ut eigne idèar. Og på forespørsel frå designaren  sette eg i gang med teststrikking. Både for å kvalitetssikra oppskrifta - og fordi minstejenta hadde lyst på flettejakke. Men dei andre prosjekta då? Eg har ein vane/uvane - eg har så lett for å begynna på nye ting. Men som regel blir dei andre og ferdige, det tar bare litt lenger tid. I "gamle dagar" - på begynnelsen av 80-talet strikka eg modellar for Sandnes Garn. Då hendte det at me fekk heilt nye oppskrifter til utprøving. Eldstejenta har strikka jakken i sin yndlingsfarge, nemleg gul, mens her i huset går det i grønt! Fanagenseren var flittig strikt på i vinterferien - den manglar ca 1 arm. Blir nok snart klar den og!

Fin flettekant.

Fana - med fasongstrikka arma.

Blått passa fint saman med dei duse jordfargane.
Ein omgang midt i stjernene hadde 4 fargar.
Ikkje til å anbefale. Men fint i etterkant.

torsdag 23. februar 2012

Vinterferie

Me har hatt  vinterferie, og det har vore fint. Det vart ikkje dei heilt store sprella,men hytta vår på Randøy låg der og venta på oss. Men å komme seg innover i Ryfylke når vegen er stengt pga ras, var litt  meir utfordrandes enn vanleg. Denne gong tok me turen over øyane , og det gjekk heilt fint,. Me var innom både Sokn, Mosterøy, Rennesøy, Finnøy, innom kaien på Halsnøy, Ombo og til slutt Randøy! Skikkeleg øyhopping. Hyttelivet har sine gleder: god tid, strikking, litt brodering, skitur på Gullingen, tur i pøsregn i skogen, strikkestund i sola på terrassen, lunsjpause på steinbenken "vår" oppi skogen, lesestund og god mat. Godt med ein "time-out" i ein travel kvardag! Ekstra bonus var den koselege strikkebutikken på kaien på Finnøy. Fann nokre flotte nøster + oppskriftsbok der. ha, bare ha litt garn innimellom! Heimturen enda med ein liten bytur i Stavanger. Også her selde dei garn. På "Søstrene Grene" hadde dei nydelege alpakkanøster i flotte fargar. Kunne ikkje gå forbi:-)
Nydelige forhold i fjellet!

Ein flott dag!

Garn og mønster frå Finnøy

Den fine utsikten  frå hyttestova.

Fastelaven med nybakte boller.

Eg er hekta. Liker godt å spele Wordfeud!
Denne gongen slo eg norsklektoren i Oslo så det sang - 968 poeng blei sluttsummen!
Gjett om eg var fornøyd. Første trekket gav 702 poeng!

Morsdagsrosene frå mor fekk vere med på tur! Utruleg flotte.

Me hadde ein del regn.....

...men innimellom skein sola fint!

Deilig i solveggen


Flott utsikt frå rasteplassen vår.

Gubben på tur!

Spennandes lunsjboks - gubben er flink med matpakkar!

God frukost.

Flott garn frå Søstrene Grene.

tirsdag 14. februar 2012

Solfest

Ute stormar det og er surt. Likevel er me klare for å feire at sola er tilbake inne i kroken hos oss. Me ligg i mørkeland frå 1.des til nå, akkurat her på vår eigendom. Tenk det - å bu på flate Jæren og  ikkje ha tilgang på sola heile året. Her er ingen høge fjell som skuggar for sola. Men me bur i ein bratt skråning, der bakken bak og nokre hus stenger for solstrålene. Men her ein dag skein sola atter inn gjennom vindua. Det er grunn til å feire. Så nå utover våren og sommaren har me stadig meir sol ner i hagen hos oss. Og snart får me flotte solnedgangar i havet. Det likar me godt. Dei er vel verd å vente på. Så feiringa i kveld får vere med litt strikketøy, god kveldsmat (det stod nybakt gulrotkake i kjøleskapet då me kom heim idag!), ein god film på dvd - og litt pepsimax! Passar ekstra godt å feire sola når det stormar ute!

Skyggevirknig på golvet.


Oi, sola kan avsløra så mangt.
Me har ein jobb å gjer utvendig.
Ein dag sola skin!


mandag 13. februar 2012

Oppskriftsbok-prosjektet

Ta-daa! Eg er ferdig. Nå er prosjektet avslutta. To permer med oppskrifter samla opp gjennom åra. Det er mykje godt her som skulle vore lagt/bakt. Nå har eg skrevet, og skrevet, og printa, og laminert i lange banar. Men jamen blei eg ferdig (Slike kokebok-prosjekt har ein tendens til å bli halvferdige...), eg er kjempefornøyd, det er lett å halde reint, og eg trur resten av familien skal kunne finne fram, forutsatt at dei huskar alfabetet!  I tillegg har eg alt lagra på dataen, så her blir det lett å dele ut kopiar.


Ei bok for baking, og ei for andre ting.

Eit vakkert syn.

Nå kan me bare sette igang - utfrdringen må vere å bake/koke seg gjennom alt dette!

Lette å ta ut og plassere på oppskriftsstativet mitt

søndag 12. februar 2012

Morsdag

I dag er det morsdag - ein honnør til alle morer. Eg er mor, og har ei mor og ei svigermor. Så gratulere med dagen til oss alle. I dag bugnar huset av blomar! Heldige meg som har fått så mange bukettar denne helga! Nydelege blomar  i flotte fargar, særleg tulipanane som jentene kom med! Minner oss om at våren er i anmarsj. Eg gler meg, kjenner eg. I tillegg fann eg eit koseleg innlegg på bloggen til eldstejenta. Nå står elggryta på kok, litt god middag må me lage til resten av familien på morsdagen. Er det ikkje slik: den dagen får mor lov til å lage noko ekstra godt til middag! I dag er det iallefall slik, og det er koseleg.
 
Morå mi - som eg er så glad i.


Svigermor og sønnen - på tur på Gramstad.

Nydelege tulipanar frå jentene mine

Blomster frå mi mor - på morsdagen. Veldig koseleg å få!

Roser frå gubben - (er eg hans mor og?)
Besøk av gode venner på laurdagskvelden - som hadde med flotte roser.
Dette bilde fann eg på fotoapparatet:
Nokon har dokumentert at morer kan brukast til måking og,
særleg når gubben er borte!

søndag 5. februar 2012

Vinterhelg

Kva skal ein vel gjere ei helg der ein har litt god tid? Gubben er reist til Kristiansand på "Halleluja-konferanse", og dei to andre er opptatt med sitt. Det betyr : God tid til det eg har lyst til! Då vert det litt strikking innimellom slike ting me bare gjere.  Denne helga fekk eg endeleg avsluta eit gammalt prosjekt, eit sjal i grønnlege sjateringar, av garn kjøpt i Eidenburg for lenge si. Herleg å gjere ting ferdige. Oppvaskklutar strikker eg innimellom, eg har faktisk strikka ganske mange, men ingen har til nå blitt verandes her i huset. Desse tre som er ferdige nå, skal få bu her:-). Og på fredagskvelden lokka eg minstejenta med på tur til Anny`s garnbutikk - og der fann me nydeleg garn som skal bli til ein Fana-genser, med litt personleg vri! Med andre ord: ei koseleg helg heime - der snøen har dala ner utforbi. Skikkeleg vinterver. I dag bles det i tillegg, og er me "heldige" får me skikkeleg rennefokk utover dagen. Men kanskje eg må ut og måke gardsrommet ein gong til.

Litt stikkete garn, men godt og varm.Oppskrifta fann eg på Ravelry

Ikkje lett å fotografere seg sjølv utan å få med seg dobbelhakene!
Speil gjer susen
.

Våren er i anmarsj.

Nydelege jordfargar. Øverst skal me ha inn litt mellomblå i tillegg.

lørdag 4. februar 2012

Strikkeglede

Me er godt i gang med strikkeprosjektet på skulen. 50 herlege ungar er i gang - med ulike prosjekt. Nå har alle strikka seg kvar sin sommarfugl, og dei fleste er igang med nye spennandes ting. Svette pinnar, nokre maskar som dett ner, nye maskar som plutseleg er på pinnen - og stolte barn som kosar seg med pinnane. I allefall dei fleste! Nå er dei i gang med Selen Siv, Ugla Unni, Spøkelset, Lommetrollet, Katten Krølle, Bamse Brakar, eller den vanskelegaste: Erik Elefant. Utruleg kjekt å sjå at dei får det til og kosar seg med det. Håpar mange held fram lenge:-) Her er bilde av sommarfuglane, dei andre tinga kjem etterkvart.
Eg fann ei grein og hang opp i klasserommet. Det  likte elevane godt.

fredag 3. februar 2012

Utsmitta gjeng

Eg var i misjonsforeningen i går. Det var der me hadde dominokurs i forrige måned. Den kvelden var damene ivrig opptatt med strikketøyet. Nå var det nytt møte, og eg blei veldig imponert. 4 stk drog opp den eine teppe større enn det andre, i nydelege fargekombinasjonar! Jammen hadde dei latt seg smitta. Så utruleg kjekt og spennandes og inspirerandes. Fantastisk kjekt å sjå at andre og gyver laus på slike prosjekter som eg innimellom gjer! Flotte fargar, spennandes strikketøy. Dei hadde problemer med å legge det frå seg. Knallkjekt. I mangel av eit  fotoapparat (eg kom ikkje på at kvelden vart så inspirerandes:-)), brukte eg mobilen til å forevige litt av inntrykka. Alt for dårlege bilder, men eg håpar eg kan få tatt nokre finare ein annan gong. Eg gler meg allereie til neste gong for å sjå framdrifta.


Dette teppet var i lilla og gråe fargar. Kna.llfint

Jordfargar og lilla og grått.
 
Flott og fargerikt! Skikkelig gladteppe.

Flotte jordfargar.
 Tusen takk damer, for ein utruleg inspirerandes kveld!