søndag 26. februar 2012

Teststrikking pågår.

Eldstejenta har blitt strikkedesigner. Ho ha laga ein flott jakke med fletter på.  Det er kjekt når ungane "går meg i næringa" - og blir like hekta som meg på strikkinga.  Eg er som regel fornøyd med å strikke det andre har komt på, mens dei unge idag prøver oftere ut eigne idèar. Og på forespørsel frå designaren  sette eg i gang med teststrikking. Både for å kvalitetssikra oppskrifta - og fordi minstejenta hadde lyst på flettejakke. Men dei andre prosjekta då? Eg har ein vane/uvane - eg har så lett for å begynna på nye ting. Men som regel blir dei andre og ferdige, det tar bare litt lenger tid. I "gamle dagar" - på begynnelsen av 80-talet strikka eg modellar for Sandnes Garn. Då hendte det at me fekk heilt nye oppskrifter til utprøving. Eldstejenta har strikka jakken i sin yndlingsfarge, nemleg gul, mens her i huset går det i grønt! Fanagenseren var flittig strikt på i vinterferien - den manglar ca 1 arm. Blir nok snart klar den og!

Fin flettekant.

Fana - med fasongstrikka arma.

Blått passa fint saman med dei duse jordfargane.
Ein omgang midt i stjernene hadde 4 fargar.
Ikkje til å anbefale. Men fint i etterkant.

3 kommentarer:

  1. Fint med grønt til jakken, glede meg å se kossen den blir (ikkje heilt rar håpe eg). Nå tror eg me er ca. 12 stk totalt som strikker i alle størrelser!

    SvarSlett
  2. Så koselig med designende etterfølger. Dessuten rålekker detalj og fargeklatt på Fanagenseren. Sånt er inspirerende for meg som holder på med egen Fanakofte, for tida =)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for koselig kommentar, Petronella. Ja eg er ei ganske stolt strikkemor.Og Fanaen blir nok fin, det er viktig at det blir akkurat slik ungdommen vil ha det, ellers blir det ikkje brukt:-)

      Slett