Me har hatt vinterferie, og det har vore fint. Det vart ikkje dei heilt store sprella,men hytta vår på Randøy låg der og venta på oss. Men å komme seg innover i Ryfylke når vegen er stengt pga ras, var litt meir utfordrandes enn vanleg. Denne gong tok me turen over øyane , og det gjekk heilt fint,. Me var innom både Sokn, Mosterøy, Rennesøy, Finnøy, innom kaien på Halsnøy, Ombo og til slutt Randøy! Skikkeleg øyhopping. Hyttelivet har sine gleder: god tid, strikking, litt brodering, skitur på Gullingen, tur i pøsregn i skogen, strikkestund i sola på terrassen, lunsjpause på steinbenken "vår" oppi skogen, lesestund og god mat. Godt med ein "time-out" i ein travel kvardag! Ekstra bonus var den koselege strikkebutikken på kaien på Finnøy. Fann nokre flotte nøster + oppskriftsbok der.
Må ha, bare
må ha litt garn innimellom! Heimturen enda med ein liten bytur i Stavanger. Også her selde dei garn. På "Søstrene Grene" hadde dei nydelege alpakkanøster i flotte fargar. Kunne ikkje gå forbi:-)
|
Nydelige forhold i fjellet! |
|
Ein flott dag! |
|
Garn og mønster frå Finnøy |
|
Den fine utsikten frå hyttestova. |
|
Fastelaven med nybakte boller. | |
|
Eg er hekta. Liker godt å spele Wordfeud! Denne gongen slo eg norsklektoren i Oslo så det sang - 968 poeng blei sluttsummen! Gjett om eg var fornøyd. Første trekket gav 702 poeng! |
|
Morsdagsrosene frå mor fekk vere med på tur! Utruleg flotte. |
|
Me hadde ein del regn..... |
|
...men innimellom skein sola fint! |
|
Deilig i solveggen |
|
Flott utsikt frå rasteplassen vår. |
|
Gubben på tur! |
|
Spennandes lunsjboks - gubben er flink med matpakkar! |
|
God frukost. |
|
Flott garn frå Søstrene Grene. |
Flott ferie-reportasje!! Det er flott på Randøy,
SvarSlettfin reklame for Ryfylke:) Det er jammen godt med nokre dagar med time-out!! Rut:)