søndag 5. februar 2012

Vinterhelg

Kva skal ein vel gjere ei helg der ein har litt god tid? Gubben er reist til Kristiansand på "Halleluja-konferanse", og dei to andre er opptatt med sitt. Det betyr : God tid til det eg har lyst til! Då vert det litt strikking innimellom slike ting me bare gjere.  Denne helga fekk eg endeleg avsluta eit gammalt prosjekt, eit sjal i grønnlege sjateringar, av garn kjøpt i Eidenburg for lenge si. Herleg å gjere ting ferdige. Oppvaskklutar strikker eg innimellom, eg har faktisk strikka ganske mange, men ingen har til nå blitt verandes her i huset. Desse tre som er ferdige nå, skal få bu her:-). Og på fredagskvelden lokka eg minstejenta med på tur til Anny`s garnbutikk - og der fann me nydeleg garn som skal bli til ein Fana-genser, med litt personleg vri! Med andre ord: ei koseleg helg heime - der snøen har dala ner utforbi. Skikkeleg vinterver. I dag bles det i tillegg, og er me "heldige" får me skikkeleg rennefokk utover dagen. Men kanskje eg må ut og måke gardsrommet ein gong til.

Litt stikkete garn, men godt og varm.Oppskrifta fann eg på Ravelry

Ikkje lett å fotografere seg sjølv utan å få med seg dobbelhakene!
Speil gjer susen
.

Våren er i anmarsj.

Nydelege jordfargar. Øverst skal me ha inn litt mellomblå i tillegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar