Me er godt i gang med strikkeprosjektet på skulen. 50 herlege ungar er i
gang - med ulike prosjekt. Nå har alle strikka seg kvar sin sommarfugl,
og dei fleste er igang med nye spennandes ting. Svette pinnar, nokre
maskar som dett ner, nye maskar som plutseleg er på pinnen - og stolte
barn som kosar seg med pinnane. I allefall dei fleste! Nå er dei i gang
med Selen Siv, Ugla Unni, Spøkelset, Lommetrollet, Katten Krølle, Bamse
Brakar, eller den vanskelegaste: Erik Elefant. Utruleg kjekt å sjå at
dei får det til og kosar seg med det. Håpar mange held fram lenge:-) Her
er bilde av sommarfuglane, dei andre tinga kjem etterkvart.
Eg fann ei grein og hang opp i klasserommet. Det likte elevane godt. |
Kreativt med Sommerfugler, et godt tips til kommende lærere!
SvarSlettLillian