søndag 12. februar 2012

Morsdag

I dag er det morsdag - ein honnør til alle morer. Eg er mor, og har ei mor og ei svigermor. Så gratulere med dagen til oss alle. I dag bugnar huset av blomar! Heldige meg som har fått så mange bukettar denne helga! Nydelege blomar  i flotte fargar, særleg tulipanane som jentene kom med! Minner oss om at våren er i anmarsj. Eg gler meg, kjenner eg. I tillegg fann eg eit koseleg innlegg på bloggen til eldstejenta. Nå står elggryta på kok, litt god middag må me lage til resten av familien på morsdagen. Er det ikkje slik: den dagen får mor lov til å lage noko ekstra godt til middag! I dag er det iallefall slik, og det er koseleg.
 
Morå mi - som eg er så glad i.


Svigermor og sønnen - på tur på Gramstad.

Nydelege tulipanar frå jentene mine

Blomster frå mi mor - på morsdagen. Veldig koseleg å få!

Roser frå gubben - (er eg hans mor og?)
Besøk av gode venner på laurdagskvelden - som hadde med flotte roser.
Dette bilde fann eg på fotoapparatet:
Nokon har dokumentert at morer kan brukast til måking og,
særleg når gubben er borte!

1 kommentar: