Viser innlegg med etiketten Robåten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Robåten. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2016

På an igjen.....

Eg har visst hatt ein pause frå blogginga. Ein lang pause. Plutseleg bare gjekk vekene, og eg var ikkje i bloggehumør. Ei god blogge- og strikkevenninne sette fart i meg igjen her i dag. "Tenk på dei kjekke bøkene me kan bestille kvart år!" Og det er sant! Det er veldig kjekt å få bloggen utgitt i bokform. Eg har fleire årgangar allereie. Så nå satsar eg på å vere igang igjen.

Eg har jo ikkje akkurat stoppa å strikke sjølv om det vart stopp her, så det er jo alltid noko å ta bilde av. Og mange kjekke turar og opplevelsar har me hatt i løpet av sommaren. Mange fine bilder ligg klare for å visast fram. Det må visst bare bli eit raskt resymè.

Sommarminner:
To systre på gondoltur i Venezia

Strikketøyet var med.
På fjelltur i Dolomittene.
Tre Cime kaltes desse fjella.
Mektig og flott.

På kvar ein fjelltopp låg ein restaurat!
Det smakte godt med litt kaffi til nistepakken.

Kjekt å ha godt turfølge.
To systre og to svograr!
Spennandes stiar å gå på.
Vil helst ikkje skli utfor her.
Det var langt ner.

På toppen av Nuvolau - 2575 moh.
i Dolomittene.
Fantastisk utsikt.
Fasinerandes med utruleg flott
blomterprakt så høgt!

Og strikketøyet var med på tur.
Så litt hytteferie.
Herlig å ta "Malena" med på kveldstur på
speilblank kveldssjø.
Kapteinen.

Matrosen.
Liker best å styre med eigne ting ombord.
Strikking, for eksempel.
Og ein bitte liten matros.
Kan bli godt mannskap etterkvart.
Nå var det stas å prøvesitte morfar sin båt.
Portør.
På trebåtfestival i Risør.
Haust og tid for fjelltur her heime.
Fannafjellet i Øvre Espedal.
Ein god sommar er over.
Mange fine minner.
Mange fine dagar.

mandag 4. august 2014

Grunnlovsfeiring.

Det er 200 års jubileum i Norge i år. Me syns det var på sin plass å markere det:-). Så ein del av ferien vart på ein måte vårt eige  Grunnlovsjubileum. Kanskje eit litt sprøtt påfunn, det å dra Gamlebåten rundt heile sørlandskysten på ei tralle, men ein kjekk opplevelse. Me var på rotur i Blindleia, og me var med i konvoien som kom  inn Oslofjorden,  i lag med mange andre gamle båtar og sjøulkar. Me hadde omvisning i Eidsvollbygningen,  me overnatta på Brimi Fjellstugu i Brimiland og gjekk på fjelltur til Galdhøpiggen. Det var ein flott måte å marker og sette pris på det flotte landet vårt! Artige opplevelsar, som var både lærerike og interessante. Mange inntrykk - og utruleg mange flotte bilder frå desse dagane. Spennandes å sjå kva andre folk er opptatt av og brenner for, kva dei liker å bruke fritida si til. Spennandes møte mellom gammalt og nytt.


På gamle trakter:
Me overnatta på Justøya,
her har eg vore mykje som barn.

Rotur i Blindleia ved Lillesand.
Flott sørlandsnatur.


Sjøsetting av "Malena" på Bygdøy,
ved Frammuseet.

Damene på tur!
Strikketøyet er alltid med!

Kjekt å sjå havna frå sjøsida.

Mennene måtte ro mest.

Men eg måtte steppe inn for Tromeptisten!
Viktig med brei beinførsel!!
Det var flott å sjå alle båtane som kom mot oss.
Ein viktig del av Norges historie var samla her.


Me helste dei velkommen innover med kornett-spel.
Tormod spele "Mellom bakkar og berg",
"Gamle dampen".
"Dei gamle fjell i syninga" ...
Flott opplevelse.

Det var laga eit flott "monument" med mange årer, frå heile landet.

Mangfaldet var stort.

Me hadde bryggeplass i Akerselva.
Ny og gammal tid møtes.

Strikkepause.

"Enigheden" var og på plass.



Eidsvolls-bygningen.

Det var her det skjedde.

Eg fekk vere med dei stolte karane.
Brimi Fjellstugu.
Ein fantastisk plass, med nydeleg mat

Forfriskandes morgonbad.

søndag 15. juni 2014

Båtliv.

Seinare i sommar skal me ut på tur igjen. Då skal me ta gamlebåten "Malene" med oss på kjøretur. Forbundet "Kysten" - som er eit forbund for gamle sjøulkar som er glad i gamle båtar - skal ha landsstevne i Oslo. Med ein stor konvoi av store og små båtar innover Oslo-fjorden. Og mykje liv og røre i havneområdet i Bjørevika. Og dette skal me vere med på. Me skal dra båten etter oss til Oslo for å ro litt i fjorden saman med mange andre båtar. Det kan bli ein artig opplevelse. Det er Gubben som er prosjektleiar og reiseledar for turen. Og syklistane frå Ålgård skal vere med - utan sykkel denne gong. Overnatting skal skje i fint strøk - på Bygdøy bed&breakfast (eller var det Skaugum det heite....?) .

Etterpå overtar eg regien - eg vil nemleg på Galhøgpiggen. Det er eit mål eg har hatt lenge. Så nå når eg har blitt 50 + litt til, er det på tide og gjere alvor av det. Etter Oslo går turen oppover landet, til Lom og fjella omkring. Og søndag 20.juli har me tenkt oss opp på Norges høgaste fjell! Eg gler meg - eg har allereie fått meg kart. Eldstejenta jobbar i Kartverket og gav meg eit til bursdagen. Me satsar på fint ver den dagen. Uansett - eg reiser ikkje heim før eg har vore på toppen!

Men når ein skal ut på "lang og strabasiøs" rotur, må ein jo ha utstyret i orden. Så Gubben har bestilt nye sitteputer til båten. To avlange som roarane skal sitte på - dei skal festast på toftene med borrelås, og tre runde til passasjerane. Nå er dei ferdige, strikka av restane etter "Terje-genseren". Måtte riktignok kjøpe inn litt ekstra garn for å fullføre prosjektet. Men godt å få bruke opp noko av det som allereie finns i huset. Og nye strikke-spare-pengar kan stappast på glaset mitt!

Ferdig!

Den eine puta måtte eg bruke blått i,
det var nemleg tomt for grønt.
Vendestrikk - enkel og greit å strikke.
Og trådane skal ikkje festast -
dei blir til fine frynser ved toving.
Tørking på eit varmt golv.
Ser bedre ut nå.
Blei fine og flate på midten.


Dei firkanta strikka eg i dominostrikk.
Likar jo godt den teknikken.
Jammen ikkje mykje garn igjen.
Eg måtte finne noko ekstra i
ei av korgene på Kammerset.


tirsdag 9. juli 2013

Ro, ro, ro din båt!

I dag var det tid til ein liten kveldstur. Kva er vel betre enn å lasta opp bilen med den gamle trebåten og finne eit egna farvatn til å utforske? Dei nye årene me var i Hardanger og henta i helga, måtte jo prøvast ut. Så me la i veg til Lutsi, fann ein fin plass å legge uti, fekk båten på vatnet og sette igang med synkroniserte åretak. Ikkje like lett - men etterkvart fann me rytmen sånn nokonlunde. Me rodde inn til holmen der båten hadde hatt sitt tidligare liv, og fann den forrige eigaren der. Ho skvetta vatn oppi og sa nokre velvalgte ord, og dermed var båten døypt. "Malena" er namnet - oppkalla etter gudmor Kjersti Malena. Ho fekk vere med ombord, og syns det var skjedd eit under med båten! Og det er jammen sant. Gubben har brukt mange arbeidstimar, og mykje tålmodighet har gått med, men eg trur det er verdt strevet. Nydeleg kveldsmat og koseleg prat på hytteterrassen etterpå, før me tok runden rundt øya og heim igjen! Ein koseleg kveld. Litt meir øving trengs nok for å  samkjøre åretaka, men det kjem etterkvart!
4 nye årer - spesialbestilte frå Hardanger

Me møtte andemor med sine søte små.

Ut på tur!

Ta i !

Skipsdåp.


Nyinnflytta geiter på Holmen.

Nytt og gammalt i lag.

Kjekkt å ro - me må øva litt meir ein annan dag.


To "gamle" damer av fin årgang!