søndag 20. september 2015

Ein krakk!

Ein krakk er ein fin ting. Me har nokre av dei her i huset. Nokre er ganske gamle, innkjøpte på auksjon ein gong for lenge si. Ein krakk kan brukast til så mangt: stå på når ein ikkje har så lange bein, eller til å ha malingsspanna på når det er det som hobbyen. Eller som sagebord. Eller som nattbord eller avlastningsbord. Min krakk har nok gjort bruk ved  fleire av desse tinga. Den har mykje malingsrestar, og har nok hatt fleire fargar i tillegg. Den har og hakk etter saging. Dei siste åra har den "budd" på vaskerommet. Godt å ha noko å sitte på når dei store kleshaugane skal leggast saman. Men den er ganske hard å sitte på lenge.

Eg oppdaga for ei tid sidan sida "Pinterest". Her er mykje artig. Ein kan bruke mykje tid her inne. Eg kikkar stort sett bare på strikketing og skuleting. Utruleg mange gode tips. Og det var då eg kom over ein god idè til krakken min. Bildet viste veg til ein blogg, og der fann eg jammen framgangsmåte og. Rektignok på utenlands, men gode bilder er godt nok for meg:-)

Så nå er krakken min ferdig. Ting tar ofte litt tid her i huset, så det har vore eit innimellom-prosjekt. Eg likar ikkje så veldig godt å hekle, for eg får fort vondt i hendene. Strammar nok musklane på ein rar måte... Hekla meir før, i ungdommen, blant anna ein heil kaffiduk og lange gardinkappar. Nå er det  mest strikking.

Men tilbake til krakken: Den ferdig! Hekla av garn i typen Petunia, Mandarin classic... I dei fargane eg hadde i korga min. Det minka heldigvis litt.

Mange spor etter tidligare bruk
God og sleten krakk.


Først hekla eg mange remser i rett lengde.
Klare til fletting


Veslejenta hadde andre planar for remsene mine.
Fletting pågår



Så var det klart til å hekle rundt.

Klar til bruk.

Nederst hekla eg ei rad med picoter.
Litt ekstra pynt.

Krakken er på plass på vaskerommet.
Eg må nok finne fram litt maling og få den
til å passe endå betre inn her.


Blir nok ein fryd å legge saman kler nå framover,
når eg får sitte på ein nypynta krakk!

4 kommentarer:

  1. Det ble stilig. Er det 3 rader med staver du hekler. Jeg har mange krakker, og dette hadde vært supert.
    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har hekla 80 lm, og to rader med stavar.

      Slett
  2. Dette blei en fin krakk. Eg har og fått vondt i fingrane av å hekla, men etter at eg begynte med disse nålene går det mye bedre :-) http://www.sandnesgarn.no/tilbehor/addi-swing-heklenaler

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tipset! Det skal eg jammen prøve ut!

      Slett