lørdag 30. april 2016

Strikk i april.

Ein ny måned er jammen over, og då kan det vere greit med ein oppsummering. Eg hadde ei stund ganske mykje på gang i strikkekorga. Nå minkar det, det er fleire ting som er ferdige. Strikkeprosessen undervegs er kjekk, men det er endå kjekkare å bli ferdig og få ta i bruk plagget som har vore på pinnane.

Islenderen er eit slikt prosjekt. Eg fann ein fin pose med lyst Smartgarn på Kammerset, og nokre nøster med blått som eg hadde kjøpt inn i fjor, og vips! Så vart det til ein fin islender. Til meg! Eller kanskje nokon andre snappar den med seg etterkvart. Ikkje godt å seie. Eg hadde iallefall tenkt å ha den med på seiltokta i sommar med gamle Malena, må jo vere kledd for anledningen då. Nå er genseren ferdig, alle trådane festa (og dei var det mange av, det var bare smånøster igjen i posen på slutten) og fotograferinga unnagjort.

To par vottar er og strikt - Snøkvit denne gongen og. Eg likte godt dei, både å strikke og sjå på. Nå har eg mange par i Gåvekorga mi!

Posering i kjøkkenhagen.
Rabarbraen er snart klar.


Eg har kjøpt meg ein blåbærbusk!
Har store forhåpningar om ein god avling der.
Forrige genser - i aranstrikk.
Godt fornøyd med den og.
Bruker den som utegenser - uten jakke oppå.

Kvitløken som Gubben planta i haust har vekse mykje.
Skal innrømma at det er Gubben som er den største hageentusiasten.
Eg likar nok best når han får yte, og eg kan nyte:-)






Fine vottar.
frå Eventyrvottar.






mandag 4. april 2016

Langt mot nord!

Me har vore på tur i helga. Langt mot nord! Veslejenta studerer i Tromsø, og då måtte me ha oss ein tur dit. Det var ei aldesles strålandes helg, på mange måtar. Fantastisk nydeleg ver, strålandes sol frå skyfri himmel - mens me visste at det pøsregna heime.... Me fekk mange fine opplevingar der nord, blant anna bli litt kjent i byen, vandre over ei ganske traffikert Tromsøbru med mykje eksos, ta bilder av Ishavskatedralen, cafèbesøk, Polarmuseums-besøk, biltur over til Kvaløya med mykje flott natur, koselig cafebesøk i havgapet, gode timar i lag med ungdommane, nydelig middag, ein fantastisk skitur, frukostbesøk på hotellet og flott flytur heim! Dette gav meirsmak, me kjem nok igjen ein annan gong - og kanskje på ei anna årstid?

På veg nordover.
Ein flott by - på ein flott dag.

Ishavskatedrale i morgonsola.

Typiske Tromsø-motiv.
Brua og kyrkja.

Gubben og Veslejenta.
Kjekt å ha med mor og far på handel.
Blir litt i posane då.

Veslejenta hadde ordna lørdagsgodt til faren!
9 kg kvikk-lunsj og 1 kg Kong Håkon!
Ikkje rart han smilte!
Ut på tur!
Oppover fjellsidene her skal me gå.
Ein liten pust i bakken!
Me måtte lette litt på antrekket etterkvart.
Me hadde feller under skia når me gjekk opp.
Det var utruleg deilig og energibesparandes.
Ein ny opplevelse.

Me nærmar oss målet.
Toppen av Kjølen,
kor ein av radarane til flyplassen stod.
790 m.o.h


På toppen.
Mora med hjelm - for nerturen.
Toppane i bakgrunnen er på ei anna øy.
Ein fjordarm kjem innimellom.
Ungdommane er vante med brattare og meir spektakulære turar.
Men me gamle syns dette var flott.
På toppen bytta me ski.
Då fekk me prøve randoneski nedover!
Ein kjekk opplevelse.

Litt kaldt og blåsandes på toppen.
Då er det godt med ein ekstra jakke i sekken.
Og litt mat og drikke.
Flotte nedoverbakkar.
Ungdommane rant telemark.
Tilbake ved bilen.
Tid for ein appelsinpause og litt sol.
   

Takk for ein flott helg i Tromsø!


Mars-strikking.

Det er visst lenge mellom kvart blogginnlegg for tida. Dagane går, med mykje bra innhald, og med gode strikkepausar innimellom. Det skjer stadig noko i strikkekorga. Men eg har ikkje vore like pålogga her på bloggen for å vise det fram.

 Flettegenseren er ferdig og tatt i bruk! Og eg er godt fornøyd med resultatet. Den vart kanskje litt tjukkare enn eg tenkte meg, men eg trur den blir kjekk til å ha som utegenser utan jakke på. Kjekt nå om våren.

Marius-puta er ferdig strikka, men ikkje montert. Plutselig ein dag sitt eg nok med symaskinen for å sy dei nødvendige saumane til oppklypp. Eg har ikkje tatt i bruk den nye metoden der ein klypper utan å sy..... Men eg fekk akkurat  nok garn, i allefall av det kvite. Litt restar i brunt.


Klar til å sy og klyppa.
Dominotepper har vore framme igjen - eg har faktisk strikka mange lappar på det. Så - det nærmar seg ferdig.



Ellers har eg starta med vottar. Kjekt med nokre småprosjekter og. Eg syns Wenche Roald i Vottelauget lagar utruleg flotte og nøyaktige mønster, så eg likar godt å strikke etter dei. Eg har strikka 2 par av Blåbærskogen - og to par av Snøhvit. I tillegg har eg strikka vottane Fuglesang. Dei og er det ho som har designa.  Kjekt å ha eit lite lager som kan brukast til gåver.


 



Nesten ferdige.
Manglar bare ein blondekant nederst.