Islenderen er eit slikt prosjekt. Eg fann ein fin pose med lyst Smartgarn på Kammerset, og nokre nøster med blått som eg hadde kjøpt inn i fjor, og vips! Så vart det til ein fin islender. Til meg! Eller kanskje nokon andre snappar den med seg etterkvart. Ikkje godt å seie. Eg hadde iallefall tenkt å ha den med på seiltokta i sommar med gamle Malena, må jo vere kledd for anledningen då. Nå er genseren ferdig, alle trådane festa (og dei var det mange av, det var bare smånøster igjen i posen på slutten) og fotograferinga unnagjort.
To par vottar er og strikt - Snøkvit denne gongen og. Eg likte godt dei, både å strikke og sjå på. Nå har eg mange par i Gåvekorga mi!
Posering i kjøkkenhagen. Rabarbraen er snart klar. |
Eg har kjøpt meg ein blåbærbusk! Har store forhåpningar om ein god avling der. |
Forrige genser - i aranstrikk. Godt fornøyd med den og. Bruker den som utegenser - uten jakke oppå. |
Kvitløken som Gubben planta i haust har vekse mykje. Skal innrømma at det er Gubben som er den største hageentusiasten. Eg likar nok best når han får yte, og eg kan nyte:-) |
Fine vottar. frå Eventyrvottar. |
Hvor skal jeg begynne? 1. Jeg har også lyst på islender. Du er veldig fin i din. 2. Nydelige eventyrvotter! Ser imidlertid ut til at du er ferdig med votte-sesongen. Her hadde jeg nok hatt bruk for votter på dagens sykkeltur. Ble igrunnen kaldt med bare pulsvarmere.
SvarSlett3. Du ser strålende ut i aran-genseren også!
Her ligger det fortsatt litt av all nysnøen som kom natt til i går.
Fortsatt god 1. mai!
Klem
Tusen takk! Eg glede meg slltid til kommentarane dine! Det er så koselig😀
SvarSlett