torsdag 23. februar 2012

Vinterferie

Me har hatt  vinterferie, og det har vore fint. Det vart ikkje dei heilt store sprella,men hytta vår på Randøy låg der og venta på oss. Men å komme seg innover i Ryfylke når vegen er stengt pga ras, var litt  meir utfordrandes enn vanleg. Denne gong tok me turen over øyane , og det gjekk heilt fint,. Me var innom både Sokn, Mosterøy, Rennesøy, Finnøy, innom kaien på Halsnøy, Ombo og til slutt Randøy! Skikkeleg øyhopping. Hyttelivet har sine gleder: god tid, strikking, litt brodering, skitur på Gullingen, tur i pøsregn i skogen, strikkestund i sola på terrassen, lunsjpause på steinbenken "vår" oppi skogen, lesestund og god mat. Godt med ein "time-out" i ein travel kvardag! Ekstra bonus var den koselege strikkebutikken på kaien på Finnøy. Fann nokre flotte nøster + oppskriftsbok der. ha, bare ha litt garn innimellom! Heimturen enda med ein liten bytur i Stavanger. Også her selde dei garn. På "Søstrene Grene" hadde dei nydelege alpakkanøster i flotte fargar. Kunne ikkje gå forbi:-)
Nydelige forhold i fjellet!

Ein flott dag!

Garn og mønster frå Finnøy

Den fine utsikten  frå hyttestova.

Fastelaven med nybakte boller.

Eg er hekta. Liker godt å spele Wordfeud!
Denne gongen slo eg norsklektoren i Oslo så det sang - 968 poeng blei sluttsummen!
Gjett om eg var fornøyd. Første trekket gav 702 poeng!

Morsdagsrosene frå mor fekk vere med på tur! Utruleg flotte.

Me hadde ein del regn.....

...men innimellom skein sola fint!

Deilig i solveggen


Flott utsikt frå rasteplassen vår.

Gubben på tur!

Spennandes lunsjboks - gubben er flink med matpakkar!

God frukost.

Flott garn frå Søstrene Grene.

1 kommentar:

  1. Flott ferie-reportasje!! Det er flott på Randøy,
    fin reklame for Ryfylke:) Det er jammen godt med nokre dagar med time-out!! Rut:)

    SvarSlett