Sist veke var det ferie. Eg har som regel litt fleire dagar enn Gubben,
men det skal noko til å matche alle mine feriar. Men onsdag etter jobb
drog me på tur, bare oss to! Ungane styrer med sitt:-) Og jammen var me
heldige med fridagane denne gongen! Me har sjeldan hatt det så flott i
Ryfylke. Strålandes sol frå tidleg til seint, heilt vindstille dei
fleste dagane, krabbe- og hummarfiske, tur i skog og mark, sopptur,
besøk av gode venner, god mat og god tid til strikking. Alltid viktig å
ha sekken full med garn når me dreg nokon plass! Herlege dagar - god
opplading!
| Blid-gubben! Godt i solveggen. |
| Siste rosene i år! |
| Nyper - med Halsnøy i bakgrunnen. |
| Fin fangst! |
| Stille sjø - sjeldan i oktober |
| Bjørnebærkrattet |
| Flott kantarell |
| Kjekt med gode turvenner:-) |
| Siste rest frå hagen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar