Me skal på ferie! Midt i semesteret og utanom ordinær ferie. Det har me aldri prøvt før. Denne gong skal me bruke litt ekstra opptjente timar - (ikkje lett å få det til i skulen!) og ei ferieveke og dra på tur like til Italia. Gjett om me gler oss. Me skal fly til Genova, ta tog til Levanto - og traske rundt i området rundt dei 5 fiskarbyane Chinque Terra. Og kanskje får me til å besøke nokre av dei andre byane i nærheita som er verdt eit besøk i tillegg, feks Lucca, Pisa eller Firence. Dette vert nok ikkje ein typisk soleferie, men heller ein aktivitetsferie. Men - me er jo ute i sola kvar dag, og målet er å få meg eit bad i Middelhavet kvar dag. Denne gong reiser me med eit vennepar, og det er me veldig glade for. Lenge såg det ut til at det kunne bli oss to aleine på tur, men etter ein hjerteoperasjon er reisevennen klar for tur, så god som ny! Me gler oss.
Nå må kofferten snart pakkast - gode joggesko, badetøy, strikketøy (må planleggast nøye!) og pass. Laurdag morgen dreg me, og når akkurat tilbake til 17.mai. Så då må bunadsskjortene vere nystrøkne før me dreg:-)
|
Området ligg nord i Italia |
|
|
|
|
Me skal nok kose oss her. |
God tur til dokke alle fire:) Blir sikkert kjempe jillt.
SvarSlettEn drøm å komme dit. God tur.
SvarSlettKlem