tirsdag 12. februar 2013

Utfordringar.

Utfordringar kan vere så mangt. Som regel er det å gjere noko ein ikkje beherskar så godt, og der ein kanskje møter ulike problem undervegs. Eg har "herma" etter Veslejenta, eller latt meg inspirere av hennar syglede. Ho jobbar på hobbybutikk i ledige stunder, og der hadde dei fått inn flott tøy i strippete ribb. Lette å  sy jumprar av. Syns ho! Ho har laga mange! Og fekk flott resultat. Eg ville og prøve. Men jammen vart det litt utfordrandes for meg: av og til blei sømmen ujevn og tullete, og halsåpningen vart heilt rar. Men då er det godt å ha ei Veslejente som kan komma og hjelpe mora, og gje ny inspirasjon. Nå er to jumprar ferdige, i grå/beige  og lilla/beige striper. To gode jumprar til kvardagsbruk! Men eg trur det blir med dei. Ingen storpoduksjon på meg. Likar nok best strikkepinnane. Rart - eg har i grunnen sydd mykje opp gjennom åra. Når ungane var små likte eg godt å sy kler til dei. Til og med brudekjolen min har eg sydd! Jaja -  mykje kjekt å strikke:-)





Der var U-en og unnagjort! S, T og U kom på løpandes bånd. Nå ventar V-en! Det må bli noko frå vinterferien.....

2 kommentarer:

  1. Kor flinke du er. Ha ein fin vinterferie videre! klem

    SvarSlett
  2. Å, jeg synes de ble kjempebra jeg! Veldig kjekt med hjelp når man står fast også:-) Artig å bruke plagg man selv har sydd. Når livet mitt blir litt roligere, ønsker jeg å lære meg å sy. Ha en fin vinterferie:-)

    SvarSlett