Så var friveka over, og kvardagen er i ferd med å innhenta oss igjen. Det er godt å ha ein slik pause. Litt heimedagar, og så nokre gode avslappandes dagar på hytta. To ungdommar var med i baksetet, masse skiutstyr, mat, strikketøy og godt humør. Me fekk nok ikkje like fint ver desse dagane som i starten av ferien. men kva gjer vel det når me har godt lag! Skitur til Bjødnabu i sterk kuling, og bestiging av Natlandsnuten i Suldal på nesten 1000 m, var store bragder! Langt og litt tungt opp, blåsandes på toppen - og enormt vanskeleg å finna vegen ned at. Hadde ikkje Gubben hatt GPS, og kunne bruka den, hadde me slete veldig. Enormt jordmørkt, avblåste spor, og humpete underlag gjorde at me trilla nedover fjellet - kvar vår gong. Men me kom oss ner, med blåflekkete bein og vondt halebein, men det går nok over. Då var det godt å finna strikketøyet og siga ner i godstolen. Og ha ein god spelerunde kvar kveld. Dei unge lot seg begeistre av Domino, og Ticket to Ride og Settlers var og spel me koste oss med. Takk for ein fin ferie. I morgon ventar blide skuleungar!
|
Klar for spel. |
|
Kjekt med Domino. |
|
Kan vere blåsandes på tur! |
|
"Opp der skal me nok!" |
|
På toppen! Stor stas - og flott varde! |
|
Årets første strikkestund i solveggen! Herlig! |
|
Heile Kådavågen var tilfrosen. Det var sjeldant - me har visst aldri sett det før! |
|
Årets første utemåltid ved grua! Pølser og vafler på menyen. |
|
Gubben fekk nytt vaffeljern til jul - kjekt å prøva og det funka utmerka! |
|
Det er servert! |
|
Fin frukost for fine folk. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar