søndag 10. februar 2013

Strikkeferie.

Eller vinterferie som det og kan kallast! Eg er så heldig at eg jobbar med skulevesenet. Og der får me støtt og stadig feriar! Eg trivest godt på jobb, men jammen er det fint å få ein pustepause innimellom og. Dagane er som regel travle og intense, særleg for oss som jobbar med dei minste. Men og utruleg givandes. Leseprosessar og begynnandes skriving er stas å få vere med på! Men nå er det ei pauseveke - der eg har god tid til å blant anna strikke:-) Nokre av dagane i slutten av veka skal tilbringast i Ryfyke, forhåpentleg inkludert fleire skiturar og vafler steikt på bål i Gubben sitt nye vaffeljern. Slike feriedagar må planleggast, ikkje minst med tanke på strikketøy. Bilstrikk,  tv-strikk og kanskje eit litt vanskeleg. Noko for alle anledningar. Målet i år er å få ferdig både den blå tunmikaen/kjolen (eg har nemleg ikkje mykje igjen), og stripehalsen som skal vere bilstrikk. Jakken til Gubben skal eg øyeblikk begynne på arm nr.2 på. Han håpte at den var ferdig til vinterferien, men det blir vel heller til påske? I allefall ikkje før. I tilleg har eg begynt på noko nytt - ei hue og ein hals til Gubben, kjem til å passe fint til "Røkejakken". Statistikken for herrestrikk kjem til å auke med mange prosent dette året! Mønster og garn er frå Pickles. Eg er jammen ikkje god til å la vere å starte nye prosjekter.....

Tre spøt som sloss om oppmerksomheten

Kjapt herresett frå Picles.

 God veke  til alle - enten du har ferie eller ikkje!

1 kommentar:

  1. Go'e ferie Tone! Mykje jillt strikketøy du kan kose deg med. Vaffelsteiking på bål høyrdest jillt ut og:)). Klem

    SvarSlett