søndag 3. februar 2013

"Røkejakke" og restegarnsprosjekt.

Der klarte eg to R-ar på ein gong! Denne helga har eg og veslejenta regjert i huset åleine - for Gubben drog på Halleluja-tur til sørlandet. To strikkeprosjekt har fått oppmerksomheten.For litt tid til strikking klarer eg alltid å finna plass til, særleg i helgene. Me var til og med innom garnutsalget og kjøpte nytt garn - til hennar prosjekt. Kjærasten skal få ny genser - og eit gammalt mønster skal bli til ny genser. Eg syns det er utruleg kjekt å ha tre strikkandes døtre! Noko positivt har dei i allefall lært i barndomsheimen! "Røkejakken" veks - men eg håpar ikkje den får nærkontakt med røyk med det første. Stripeprosjektet som eg har lurt meg til å begynna på, er etter oppskrift frå eldstejenta. Det skal bli ein hals. Hennar oppskrift kan du finna her om du vil. 

Armen - med ei fin flette midt på,
ellers  er det vrange maskar som rettsida.
Denne fletta strikkar eg på ein litt "rar" måte,
ved å auke og felle maskar på dei rette stadene.
Eg er vant med å flytte maskar.
    
Her er bolen. Det nærmar seg armhol.
Bare 10 -12 cm igjen.
 
Striper var kjekt - kan lett bli vanedannandes.
Dette blir godt og varmt.

Kjekt å bruke litt restegarn
(har bare kjøpt 1 nytt nøste)



 Ha ei fin veke - med mange gode strikkepausar!
Eg sett stor pris på om du legg igjen ei lita koseleg helsing:-)

3 kommentarer:

  1. Så flott den "røkejakken" blir! Er så glad i fletter i strikketøy, det er så enkelt, men så fint!
    Ha en flott søndag :)

    SvarSlett
  2. Herlege fargar på den halsen din! Kva slags garn er det? Det ser så mjukt og godt ut.

    SvarSlett
  3. Eg bruker tynn alpakka fra "du store alpakka". Godt og mjukt:-)

    SvarSlett