torsdag 1. desember 2011

1.desember - og luke nr. 1

Julemåneden er i gang - nå er det tid for å hente fram det som me likar å ha rundt oss i førjulstid. Her i huset likar me nemleg å markere advent, og ikkje begynne rett på julepynten 1.des. Kva skal me ta fram i år? Kva kaker skal me lage dette året? Korleis skal julekorta sjå ut? Kva tradisjonar syns me det er koseleg å ta  vare på? Av og til har eg prøvd meg med å legge vekk litt av den eldste julepynten, men eg får som regel protestar. "Jula skal vere slik ho var då me var små!"  Og det er jo litt koseleg då. Nå er adventskalenderen og julestjerna på plass. Stjerna er heimelaga - av eit byggesett frå Panduro  - og frå forrige århundre. Men ho lyser sånn passe opp - og minner om julestjerna som skein over Betlehem. Pakkane er det veslejenta som skal få. Så får me håpe det fell i smak!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar