onsdag 14. desember 2011

14.desember - og luke nr. 14

Dei vise mennene har inntatt stovebordet. Glassfigurane frå Hadeland minner oss om kor spesielt det var at Jesus vart sendt til jorda og født i en stall. Eg vil tru at svært få andre nyfødte, fattige, vanlege mennesker fekk besøk av så fint folk. Det må ha vore ein veldig spesiell opplevelse for Maria og Josef. Kva slags barn var det dei hadde fått, som vekkte så mykje oppmerksomheit? Mine nydelege figurar i blått fekk eg av gubben til jul eit år. Tusen takk! Eg sett pris på å finne dei fram kvart år!

Dei er ganske majestetiske. Tenk å få dei på barselbesøk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar