torsdag 8. desember 2011

8.desember - og luke nr. 8

Eg bur på landet! Her er det godt å bu. Eit viktig framkomstmiddel her er traktoren. Mange likar å reke langs vegen i eit slikt kjøretøy, og særleg ungdommarne. Og då er det som regel ikkje  nokre små og utrangerte traktorar dei trakterer. Nei, dei er digre og svære. 17.mai-toget har og ein "avdeling" med traktorar. I år var der visst over 50 stk som danna baktropppen! Me har til og med ein traktorbutikk her i dalen. Som likar å pynte til jul! 
Det nærmar seg jul.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar