Kakeboksane skal fyllast i adventstida, og nå trur eg at
eg har laga nok. 6 boksar tilsaman - men to av dei er nesten tomme.
Krumkakene som gubben er sjef over, har han nesten ete opp! Og
minstejenta som bakte flotte kakemenn - har visst kost seg med dei. Den
boksen ser me og botnen på. Men det er vel nå dei er best:-) Eg satsar
på at dei bakar kvar sin nye porsjon. Eg har bakt to nye sortar dette
året - bordstabels og sirupssnippar. Kjekt å fornye
utvalget litt.
Kjekt å lage fint mønster. Kan jo bli eit strikkemønster! |
Jammen klarte eg å stable dei på bordet! Flaks:-) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar