lørdag 31. desember 2011

På tampen av året.

Det nærmar seg nytt år, og ein tar ofte ei lita oppsummering av dei dagane som allereie har blitt historie, omtrent på denne tida. Korleis har 2011 vore? Kva skjedde dette år et som me vil huska på? Kva gjorde dagane i dette året til gode dagar? Og korleis vert 2012?  Kva skal me fylle det med? 2010 var på mange måtar eit spesielt år. Me hadde fleire litt uvanlege hendingar som sette preg på året, slik som prolapsoperasjon, brulluppet til eldstejenta og at far døyde. 2011 har vore eit år utan sånne spesielle opplevelsar. Det har vore eit godt år, med mange gode, vanlege kvardagar - og med mange meir feststemte dagar innimellom.  Ryggen kjenner eg godt til - kvar morgon slit eg meg ut av senga, men det blir betre etterkvar som eg beveger meg:-) Og det er jo noko å glede seg over. To morgontreningar i veka + pilates gjer nok godt!   Dessutan får eg jobba litt mindre, noko som gjer at eg kan gå på morgontrening! Tenk at eg som ikkje har vore spesielt glad i helsestudio, møter opp 2 gonger i veka kl.8.00. Eg er ganske stolt av det! Samvær med kjempegode venner og familien min: både ungar, gubben, systre, tantebarn, svograr, mødre og syskenbarn, er og ein utruleg rikdom! Mange gode minner! Ellers har året hatt mange fine turar, me har vore på fjellturar, kysttur, sykkeltur på fjellet, utenlandstur, strandtur, båttur, 2 sunnmørsturar, hytteturar -  og ikkje minst handleturar! Mykje fint garn har eg hatt med heim. 

Så  - nytt år - nye muligheter! Eg takkar for alle som har "gidda" vore innom bloggen min . Kjekt å sjå og høyre at noko tar seg tid til å lese  skribleria mine. Eg ynskjer at alle får eit år godt og innhaldsrikt 2012. Velkommen innom bloggen i det nye året og!

Det er snart sommar .....

Me satsar på mange fine dagar her i 2012 og - på hytta vår i Ryfylke

Artige sommaraktiviteter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar