lørdag 3. desember 2011

Julestemning frå Bergen.

I adventstida må me som regel bruke litt ekstra tid til innkjøp. Me er heldige og har ein del personar som me skal gje julegåver til. Ikkje ofte eg har gubben med på handletur! Men det er kjekt å ha ein førjulstur i lag, i ein julepynta by. Bergen har vist seg frå den mest kjente sida i dag: pøsregn og vind! Men med gode kler har me kost oss. Verdas største pepparkake-by vart og besøkt. Mange gode idèar. Så nå har me nemleg fått unna dei fleste julegåvene, og det er ein god følelse. Då kan me gjere andre koselege ting resten av adventstida. Fekk til og med tid til eit cafèbesøk i lag med studentane våre! Koseleg.
Typisk Bergen - ein utslitt paraply.

Litt julestemning i trea.

Jul i Lille Lundgårdsvann.

Mange flotte og inpirerandes byggverk.

Kanskje me kan lage eit Eiffeltårn i år? Sidan me har vore i Paris:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar