lørdag 31. desember 2011

Romjulsfri.

Romjula er over - det er alltid ei god og fredeleg tid. I år var det typisk innetid - ute stormar og regna det enormt! Då er det godt å ha kjekke aktivitetar å holde på med. Strikking, lesing, god mat.... og oppdatering av kokeboka. Eg har nemleg i år brukt ein del tid på dataen for å organisera ein totalt kaotisk oppskriftssamling. Eg er godt fornøyd med resultatet, nå gjeld det bare å fortsetta i kvardagen. Laminerte matrettar ordna i alfabetisk rekkjefølge - det vart ganske bra! Eit strikketøy er og blitt avslutta nå i romjula, nemleg julepresangen på forskudd! Eg gler meg til å ta det i bruk.

Nytt, fint sjal! Takk til Siri som eg fekk garnet av!

Laminerte matrettar!

1 kommentar:

  1. Nå blei eg imponert Tone,lurt å laga med laminering. Eg begynte for ei tid sidan og lagte ny oppskriftsbok, gjorde ikkje arbeidet heilt ferdig, så nå har eg to ikkje heilt komplette bøker, med andre ord litt kaos hjå meg og. Trur eg må gå i gang...........kanskje neste år:)
    Takk for alt gildt i 2011, ønsker dykk alle bare gode dagar i året som kjem, og så snakkast me snart:) Liv O.

    SvarSlett