fredag 27. desember 2013

5-års jubileum

Eit lite tilbakeblikk på bloggen viser at eg har vore bloggar lenge. Det er akkurat 5 år sidan eg posta den første innlegget. 5 kjekke og innhaldsrike år, med 350 innlegg og over 51500 visningar. Det er ganske flott, syns eg. Eg har alltid likt å skrive og styre med bilder. Tidlegare var det albumar som var den store greia. Me har fleire hyller ståandes med over 50 albumar. Det meste av viktige hendingar vart dokumentert der. Men då var det kun til bruk i heimen. Nye digitale tider har gitt nye muligheter. Det er kjekt å lesa andre sine bloggar, og finne inpirasjon, gode ideear og artige historiar der.  Og så håpar eg at andre finn inspirasjon, gode idear og artige historiar hos meg. Eg sett pris på alle som gidder å besøka bloggen min. Og ekstra kjekt er det når nokon legg igjen kommentara.

Bloggarkivet viser at året 2011 var toppåret. Då hadde eg 106 innlegg. Det er 2 innlegg i veka. I år vart det bare 1 i veka, sånn cirka. Hadde visst ikkje så mykje å skrive om dette året. Eller så var eg litt lat. Eller opptatt med andre ting. Nå står eit nytt år på trappene, me får sjå etterkvart kva innhold det får og kor mange innlegg det resulterer i. Uansett så er strikkekorga stadig full av nye prosjekter, og då kan det jo bli mange fine innlegg på bloggen og.

Sommarminne.
Nøkkelen til det gode liv?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar