søndag 11. september 2016

I strikkekorga.

Strikkekorga er full - igjen. Utruleg lett å starte på nye,
spennandes prosjekter. Eg hadde ein formeining om at i løpet av dette året skulle det minke ein del på strikkelageret mitt. Og det har det gjort. Men jammen har der komt inn litt nytt og. Men pytt, pytt. Sånn blei det med mitt prosjekt. Niese Bjørg har nok greid seg betre. 
Eg veit kven som skal få premie i slutten av året:-)

Akkurat nå er det dette eg har på pinnane:

Genser til Gubben i håndspunne garn
Nydelig håndspunne garn frå
Ingeborg  på Ullrommet

Mjuk jakke i fin struktur
Denne strikkar eg i dobbelt garn.
Tynn Alpakka og Air,
begge frå
"Du store Alpakka".




Elinor-jakken av Pinneguri
Eg har kjøpt inn
Karmin  supersoft til denne.
Toppstart og nedoverstrikk.
Må lese mønsteret nøye.
Mange detaljar.
Fin genser i Alpakkasilke
Dette garnet hadde eg liggandes i garnlageret.Ikkje alt er nytt med andre ord.
Skal ha litt mønster på skuldrene, eller glattstrikk.
Strikkar i Sandnes garn sitt Alpakkasilke.
Sokkeprosjekt til strikkefestival
Eg har meldt meg på kurs i hælstrikking
på Strikkefestivalen i Stavanger i oktober.
Då var det lurt å ha strikka opp nokre bråt.
Eg er snart klar.

Tre puter
Tre fletteputer.
Resteposar.
Funne inspirasjon på Pinterest.
Fint å ha innimellom.

Lys grå jakke
Siste påbegynte prosjekt.
måtte bare starte.
Skal bli ein lang, god kosejakke.
Sykkeljakke
Skikkelig resteprosjekt.
Mønsteret kan du finne her
Alle dei raude, oransje og gule restane frå
dominostrikk blir brukt her.
Blir nok litt langtidsprosjekt.
Skal strikke inn nokre syklar etterkvart.
 Rund pute med forkorta pinner.
Blått resteprosjekt.
Skal bli rund pute til hytta.
Om ei stund.
Mange blå-grønne restar og.

Det var visst alt. 
Litt vel mange ser eg nå,
og kanskje litt mykje til meg....
Må få unna litt - og bli ferdig. 
Får vise bilder av ferdige resultat om ei stund.

3 kommentarer:

  1. Hjelpe meg sier jeg bare. Ikke småtteri du er i gang med. Men lykke til med alle prosjekt! Godt råd: Strikk ferdig det du har mest lyst til først. Kanskje vanskelig å velge, for her var det mye fint.

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett
  2. Kjekt å lesa blogg fra deg igjen :) Her var det mykje fint å kosa seg med utover høsten, blir spennande å sjå ferdige resultater framover!

    SvarSlett
  3. Harrah's Resort SoCal: Now Open! - KTNV
    The Harrah's 대구광역 출장마사지 Cherokee Valley River Casino is open and excited to welcome 목포 출장안마 you back to a world at play! Harrah's Cherokee 충주 출장안마 Valley 당진 출장샵 River Casino is 이천 출장샵 open for in person gaming, dining,

    SvarSlett