Eg har vore på tur i helga.
Mor hadde lyst på ein tur til mi sunnmørske syster,
og då var det godt å ha reisefølge og ledsagar med.
Fint med nokon som kan passe billettar,
koffertar og trille rullestol :-)
Me fekk ei flott helg i Ulsteinvik.
Sol, varme, gode måltid, handletur og cafèbesøk.
Kjøretur, gode lange strikkepausar,
avslapping i hagen, bad i sjøen, rask tur på fjellet,
god prat med tantebarn med familie,
rusletur langs havet på Flø
- der himmel og hav verkeleg møtest,
og litt tull og tøys innimellom.
Me oppsøkte og gamle trakter for mor,
nemleg Lærarskulen i Volda.
Me oppsøkte og gamle trakter for mor,
nemleg Lærarskulen i Volda.
Denne plassen har nok ein stor plass i hjarta hennar.
Her blei ho kjent med far.
Her blei ho kjent med far.
Takk for ei flott helg!
Frå hagen på Lærarskulen i Volda. |
Kjekt å vere tilbake på gamle trakter. |
Fantastiske dagar i september. |
Litt kaldt, men mest deilig. |
Fine naust i solnedgang. |
Blei litt varme etter fjellturen. Ikkje godt med doggandes briller då. |
Mor med dei to yngste døtrene. Litt like, seier enkelte. |
Utsikt utover øyane mot Runde. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar