I 2015 skal eg heller ikkje kjøpe nytt garn.
Neste kavalkade skal vise tomme korger!
Unntak:
Dersom det skulle bli nødvendig å strikke noko til eit nytt familiemedlem,
då vert det ikkje av restegarn.
Korleis gjekk det i klesskapet då?
Ikkje bra. Eg har sjeldan kjøpt så mykje nye kler som dette året. Grunn: ingenting var passeleg lenger. Alt vart for stort. Gledeleg det, men litt kjedeleg med fine kjolar som eg likte godt!
(Men egentleg er det jo kjekt å kjøpe noko nytt!).
Kanskje nyttårs-fortsette kan få nytt liv dette året?
Det siste fortsette for det nye året, er eit som Gubben og eg skal ha i lag. Det er Friluftslivets år i 2015, og det likar me jo godt. 1 tur i veka, det bør me greie.
Då skal me på 52 turar dette året!
Og dei bør vere litt lenger enn gatelangs i nabolaget. Dersom stranda som eg er så glad i, vert turmål, kan me jo gå litt lenger. Det kan vere ulike turar, noko som krev litt ekstra aktivitet:
gåtur, fjelltur, sykkeltur, rotur....
Men bilturar og handleturar kan ikkje reknast med...
Me har eit sommarmål om nokre fjelltoppar, det er best me held formen ved like slik at det vert ein god opplevelse.

På toppen! |
Tilslutt:
Eit godt nytt år ønsker eg til dokker alle som er innom bloggen min! Eg føler meg ganske ydmyk over at nokon gidd å lese skribleria mine:-)
Imponerande på mange måtar! Gratulerer, og lykke til i 2015;)
SvarSlettEg er heilt imponert Tone. Tar hatten av for deg. Du er go'e. Ha eit godt nyttår. Lykke til !!!
SvarSlett