lørdag 19. februar 2011

Vinterstrikk!

Hurra! Nok eit strikketøy er avslutta. Eg har tatt konsekvenser av nyttårsfortsette mitt, og verkeleg jobba med dei påbegynte strikkeria. Denne gong var det den lilla lin-tunikaen ( dansk mønster) som eg begynte på i haust som har havna i kategorien "ferdig". Det er jammen ein god følelse, det å trekke ut strikkepinnen av den siste masken, feste trådar, dampe og finne ein egna plass til fotografering. Sidan sola ikkje har inntatt heile eiendommen ennå, måtte eg langt opp i hagen for å finne solstrålene.

 Tunikaen er strikka i domino-strikk, ein slags avlang variant.
Eine feltet er rillestrikk, det andre er glattstrikk. Det blei fint ilag!
 Bærestykket. Svart gav fine effektar.
Nederst på tunikaen dikta eg litt sjølv, med små dominoruter!
Kjekt å bestemma litt sjølv og!
 Og sidan det var Valentinsdag nettopp, og gubben ikkje overraska meg med blomster, kjøpte eg meg ein "blomst" sjølv. Nå er det nytt stikkeoppdrag ilag med dei kreative strikkedamene. Temaet denne gong er Domino-strikk inspirert av sommaren.
Eg ser for meg sand, strand, sanddyner, strandnellikkar - himmel og hav.
Eg likar kjempegodt  domino, det er rett og slett fasinerandes å strikke det.
Nydeleg melert garn.Kanskje eit nytt teppe?
I allfall eit lite eit!

1 kommentar:

  1. Eg er imponert,(som alltid) tenk to nye tunikaer ferdig på 1 månad! Så fine dei vart og! Flink du er, og veldig fint med dominostrikk! God klem frå Kleppehagen.

    SvarSlett