søndag 30. august 2015

Jakke til Gubben

Noko av det eg har strikka inntenst på i sommar, er Gubbe-jakken. Eg syns kanskje eg av og til er litt egoistisk når eg bare strikkar til meg, så nå var det Gubben sin tur. Me fann ein fin jakke i eit litt gammalt Sandnes hefte for menn, og kjøpte inn passandes garn. Nydelig jeansblå i Sisu. Litt tynt garn, og derfor tok det litt lang tid. Men nå er den ferdig - etter litt småjusteringar undervegs. Måtte strikke den litt lenger + halskanten 2 gonger. Men sånn høyrer med. Me skal vere fornøyd - både eg og brukaren. Me fann fargerik glidelås  - og på andre i-syings-forsøk, blei den og fin. For at  ikkje glidelåsen skulle vere så prangande på baksida, strikka eg eit tynt belegg og sydde på. Fann eit tynt ullgarn i lik farge (alà sytråd).  Så nå er Gubben fornøy - og då er eg og det!

Gubben i Eldhuset.
Her likar han seg godt!



Tynt belegg på innsida.


2 kommentarer:

  1. Den jakken var kjempefin, satt som eit skudd! Imponerande fint arbeid du har gjort, spesielt med glidelåsen.
    Den blei prikken over iien.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg trur denne jakken blir mykje i bruk:-)

      Slett